«Asteromáta», òg skrive Asteromata, er ein song av den greske artisten , skriven av Arcade og Klavdia, med produksjon av Arcade. Songen blei gjeven ut 31. januar 2025 og var det greske bidraget i Eurovision Song Contest 2025. Songen nådde tredjeplass på hitlistene i Hellas og blei sertifisert til platina av IFPI Hellas.

Bakgrunn og komposisjon Asteromáta blei skriven av saman med Arcade. Songen handlar om greske, og andre, flyktningar og det spesielle bandet mellom dei og heimlandet, som dei aldri gløymer, uansett kvar dei er. Det blir forma ein metaforisk dialog mellom ei mor og hennar savnede barn, der dei trøyster kvarandre gjensidig.

I eit intervju forklarte Klavdia, som har bakgrunn, at bodskapen i songen er meint å heidre dei som blei tvinga til å forlate heimlandet sitt, og samtidig formidle ein bodskap om håp og styrke.

Eurovision Song Contest Ethnikós Telikós 2025 Den 10. januar 2025 blei det kunngjort under -programmet Proian se eidon at Klavdía skulle delta i den greske nasjonale finalen for Eurovision Song Contest 2025, kalla Ethnikós Telikós 2025, med songen «Asteromáta» (Αστερομάτα). Songen vann finalen den 30. januar 2025, etter å ha komme på førsteplass både hos den nasjonale og internasjonale juryen, i tillegg til i publikumsavrøystinga. Dermed blei det klart at «Asteromáta» skulle vere det greske bidraget i Eurovision Song Contest 2025.

I Eurovision Song Contest Under trekkinga av semifinalane den 28. januar 2025 blei Hellas trekt ut til å delta i den andre semifinalen, der dei opptredde i den andre halvdelen av showet. Hellas kvalifiserte seg til finalen – då dei kom på niandeplass i semifinalen. I finalen enda songen på sjetteplass med 247 poeng.

Listeplasseringar + Liste (2025) Høgasteplassering Hellas nasjonal (IFPI) 2 Litauen (AGATA) 52 Sverige Heatseeker (Sverigetopplistan) 12 UK Singles Sales (OCC) 96

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Asteromáta» frå , den 6. november 2025.

Kategori:Greske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-songar Kategori:Greskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Songar frå 2025