That Petrol Emotion var ei britisk rockegruppe danna i 1984 i Nord-Irland og London med nordirske musikarar og ein amerikansk vokalist. Gruppa spelte inn fem album mellom 1986 og 1994, og utforska ei eklektisk blanding av indierock, post-punk, garasjerock og dance-punk, som eit forvarsel både for dance-pop-tida på byrjinga av 1990-talet og post-punk-gjenopplivinga på byrjinga på 2000-talet. Gruppa blei omtat av Rolling Stone som «The Clash kryssa med Creedence», og av New York Times som «eit ungdommeleg Rolling Stones» kryssa med «oppgira TV». Etter ein pause på fjorten år kom bandet saman att i 2008 for å delta på ulike tilstellingar, turnear og festivalar før det gjekk tilbake til pause i 2010.

Historie Etter at det kjende pop-punk-bandet The Undertones blei oppløyst, vende gitaristen og låtskrivaren til gruppa, John O'Neill, tilbake til heimbyen Derry og samarbeidde med venen og gitaristen Raymond Gorman (ein tidlegare medlem i Bam Bam og The Calling) for å vera DJ-ar saman på klubben Left Bank. Dei blei inspirerte av platene dei spelte der, og skipa eit nytt låtskrivingsprosjekt som utvikla seg til eit nytt band. Dei spelte eit par konserter med ein trommemaskin og den dåverande kjærasten til Gorman som songar."Such a good thing we do – in conversation with The Everlasting Yeah's Raymond Gorman, part one" - interview by Malcolm Wyatt i Writewyattuk, 18. august 2014 Ein annan ven, trommeslagaren Ciaran McLaughlin (tidlegare med Corner Boys, men som hadde spelte nokre Undertones-konsertar som erstattar for Billy Doherty)"The Everlasting Yeah: Raymond Gorman Of That Petrol Emotion Interviewed" - interview by Odhran MacGabhann in The Quietus, 5 February 2014 var det neste medlemmet som blei med. Hausten 1984 flytta den nye gruppa That Petrol Emotion til London, der ho fekk John sin bror og den tidlegare hovudgitaristen i Undertones, Damian O'Neill, som medlem. Han godtok å bytta frå gitar til bassgitar for å bli med. Besetninga blei fullstendig etter ein audition med den amerikanske songaren Steve Mack, som var fødd i Seattle og på ein årelang pause frå studia sine med arbeid i eit pizzeria i London.Band biography on That Petrol Emotion homepage (hosted on the Wayback Machine)

Etter å ha skrive kontrakt med det uavhengige plateselskapet Pink Label gav bandet ut debutsingelen «Keen» i juli 1985. Petrol Emotion var påverka av så ulike artistar som The Beatles, Afrika Bambaataa, Television, Sly & the Family Stone, Captain Beefheart og Can, og lyden til den nye gruppa braut direkte musikalske band til The Undertones gjennom den mørkare, råare lyden sin. Petrol Emotion var òg mykje meir politisk og frittalande enn The Undertones hadde vore ved å ta for seg problem knytte til The Troubles i songane sine, og dei irske medlemmene skreiv namna sine på irsk, ikkje den angliserte forma av dei, på albumomslaget. Som med The Undertones var John O'Neill den viktigaste låtskrivaren, sjølv om alle medlemmane av gruppa bidrog til å skriva songane.

I 1985 spelte That Petrol Emotion konsertar i små lokale, og blei «ridiculously popular on the pub circuit». Gruppa gav ut den andre singelen sin, V2, i september det året på sitt eige kortvarige selskap, Noiseanoise. Etter å ha skrive ny kontrakt med Demon RecordsBand biography on That Petrol Emotion homepage (hosted on the Wayback Machine) kom debutalbumet deira, Manic Pop Thrill, ut i 1986 og nådde fyrsteplassen på den britiske indie-lista. Det fekk særs gode meldingar frå kritikarar, særleg av den kjende Undertones-støttespelaren John Peel.

I 1987 debuterte gruppa på eit større plateselskap då Polydor Records gav ut det andre albumet hennar, Babble. Dette kom inn på hovudalbumlista, UK albums chart og fekk utbreidd ros. Det blei valt til eit at albuma av året av Rolling Stone, og fekk karakteren A-minus av Robert Christgau. I Storbritannia nådde singelen «Big Decision» 42. plassen på singellista. Baksida av Big Decision synte ei forsterking av det politiske standpunktet til gruppa med tekst som kritiserte det dåverande rettssystemet i Nord-Ireland med potensialet sitt for å dømma på falsk grunnlag eller falske tilståingar.

Den neste singelen til TPE frå 1987, «Genius Move», blei ikkje spelt av BBC på grunn av ein referanse i albumeomslaget til Sinn Féin-politikaren Gerry Adams. På denne tida var han ein hata figur innan den britiske styrande klassen på grunn av det mistenkte sambandet hans til IRA, og mellom 1988 og 1994 blei ikkje stemmen hans spelt av i britiske medium.

På denne tida hadde That Petrol Emotion vunne rosen til betydelege alternative rockefigurar som Robert Smith frå The Cure og Robin Guthrie frå Cocteau Twins. Men gruppa mislukkast i å få fleire hitsinglar, noko som førte til problem med Polydor då personellet i leiinga endra seg i denne perioden. Etter krav til bandet om å levera hitsinglar nytta That Petrol Emotion eit smutthol i kontrakten og forlet Polydor, berre for å skriva ny kontrakt med Virgin Records etter få veker.Band biography on That Petrol Emotion homepage (hosted on the Wayback Machine)

Kort tid før innspelinga av det tredje albumet sa John O'Neill at han ville forlata gruppa.Band biography on That Petrol Emotion homepage (hosted on the Wayback Machine) Sjølv om han blei verande for å spela inn albumet, var tida full av spenning og uro.

Då End of the Millennium Psychosis Blues kom ut i 1988 blei albumet møtt med forvirring av både kritikarar og fans. Mangfaldet av stilar var meint å etterlikna dei eklektiske miksteipane bandet elska og høyrde på i turnébussen sin, men eksperimenta deira med ulike stilar blei oppfatta som for forskjellige og vidtrekkande til å gjera dei allment populære. Seinare er albumet blitt revurdert, og mange kritikarar og fans har kome fram til at bandet var framfor tida si som på grunn av tendensen sin til å blande indierock med elementer av dance og funk var banebrytarar for indie-dance-scena kjend som Madchester .

Etter å ha fullført turnéen for å promotera albumet gjekk John O'Neill ut av That Petrol Emotion i oktober 1988, og rollene i bandet blei endra. McLaughlin og Gorman tok over rollen som songforfattarar, medan John Marchini (som hadde spelt gitar i staden for ein sjuk Gorman på nokre av konsertane) blei medlem på basgitarra for å gje Damian O'Neill høve til å ta spela gitar i lag med Gorman.Band biography on That Petrol Emotion homepage (hosted on the Wayback Machine) Denne nye dynamikken førte til albumet Chemicrazy frå 1990, som vart produsert av Scott Litt og viste ein meir rett-fram rockestil enn før, det òg heldt på eit hjarte av pop, til dømes på singlane «Sensitize», «Hey Venus» og «Tingle». Til frustrasjon for gruppa kom aldri dei forventa store sala for Chemicrazy; albumet enda på 62. plassen på albumlista i Storbritannia, og dei skuffande resultata gjorde at gruppa blei droppa av Virgin.

Etter å ha turnert for Chemicrazy forlet Marchini gruppa, og Brendan Kelly frå Belfastblei henta inn for å spela bass. Gruppa skipa sitt eige plateselskap, Koogat, som dei gav ut det femte albumet Fireproof på i 1993. Som debutalbumet nådde Fireproof fyrsteplassen på UK Indie Chart, men til trass for generelt positiv presseomtale og den lojal fanbasen gruppa hadde bygd over ti år oppnådde ikkje That Petrol Emotion den vedvarande kommersielle suksessen eller populariteten til samtidige grupper som My Bloody Valentine eller Sonic Youth. Gruppa blei oppløyst på vennleg vis i 1994.

I 2008 blei gruppa gjenforeint, og i august spelte That Petrol Emotion på The Boston Arms i London og Spirit Store i Dundalk. Gruppa spelte så på Electric Picnic-festivalen i Stradbally i Irland.

I mars 2009 spelte bandet på South by Southwest-festivalen i Austin i Texas. Same månaden kunngjorde dei ein turné i Storbritannia i juli på den offisielle nettsida si, inkludert på Hop Farm Festival i Kent, på Oxegen Festival i Irland og T in the Park i Skottland. Året enda med ein opptreden på All Tomorrow's Parties' Nightmare Before Christmas-festivalen i desember, og blei følgd av konsertar i Storbritannia og USA.

Sidan 2010 har That Petrol Emotion vore sett på pause då Mack valde å bli verande i Seattle og fokusera på foreldrerolla si."A whole lot of Everlasting Yeah! The Raymond Gorman interview – part three" - interview by Malcolm Wyatt in writewyattuk, 20 August 2014 Gorman, Kelly, McLaughlin og Damian O'Neill fortsette å verka saman, fyrst med tanke på å føra den gamle gruppa vidare,"A whole lot of Everlasting Yeah! The Raymond Gorman interview – part three" - interview by Malcolm Wyatt in writewyattuk, 20 August 2014 men i 2012 kunngjorde dei at dei hadde skipa ei ny gruppe kalla Everlasting Yeah, som spelte krautrock-påverka musikk. Dennye gruppa gav ut debutalbumet Anima Rising på sitt eige selskap, Infinite Thrill, i 2014.

Diskografi

Album

Manic Pop Thrill (Demon Records - mai 1986) UK No. 84 Babble (Polydor Records - mai 1987) UK No. 30 End of the Millennium Psychosis Blues (Virgin Records - aeptember 1988) UK No. 53 Chemicrazy (Virgin Records - april 1990) UK No. 62 Fireproof (Koogat - 1993) Final Flame (Fire, Detonation and Sublime Chaos) (live album) (Sanctuary Records - 2000)

Singlar og EP-ar

"Keen" (The Pink Label - juli 1985) "V2" (Noiseanoise - september 1985) "It's a Good Thing" (Demon Records - april 1986) UK No. 160 "Natural Kind of Joy" (Demon Records - august 1986) "Big Decision" (Polydor Records - april 1987) UK No. 43 "Swamp" (Polydor Records - juli 1987) UK No. 64 "Genius Move" (Virgin Records - oktober 1987) UK No. 65 "Cellophane" (Virgin Records - september 1988) UK No. 98 "Groove Check" (Virgin Records - 1989) UK No. 95 "Abandon" (Virgin Records - mars 1990) UK No. 73 "Hey Venus" (Virgin Records - september 1990) UK No. 49 US Modern Rock No. 9 "Tingle" (Virgin Records - februar 1991) UK No. 49 "Everybody's Goin' Triple Bad Acid Yeah!"/"Big Decision (Slight Return)" (Clawfist Records - mars 1991) (split single with the Membranes) "Sensitize" (Virgin Records - april 1991) UK No. 55 "Detonate My Dreams" (Koogat - 1993) Catch a Fire E.P. (Koogat - 1993)

Boks-sett

Every Beginning Has a Future: An Anthology 1984-1994 (Edsel - 2022)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «That Petrol Emotion» frå , den 28. desember 2025.

Kategori:Musikkgrupper oppløyste i 1994 Kategori:Musikkgrupper skipa i 1985 Kategori:Britiske garasjerockgrupper Kategori:Nordirske rockegrupper Kategori:Britiske indierockgrupper Kategori:Britiske postpunkband