Syrisk historie omfattar historia til området dekkja av den moderne staten Syria og den større Syria-regionen. Forhistorie og antikken

Den eldre antikken mini|upright|Kvinneleg figur i Syria, 5000 fvt. Det antikke orientmuseet. mini|upright|Yarim-Lim I av Yamhad var den mektigaste kongen i Levanten. Frå kring 10 000 fvt. var Syria eit av sentera i kulturen i den yngre steinalderen, før-keramikktida, der jordbruk og kvegdrift dukka opp for første gong i historia. Den neste perioden i den yngre steinalderen er representert av rektangulære hus i Mureybet-kulturen. Folk nytta då reiskapar av stein, gips og brent kalk. Funn av reiskapar av obsidian frå Anatolia er bevis på tidlege handelssamband. Byane Hamoukar og Emar spelte ei viktig rolle i den seinare yngre steinalderen og bronsealderen. Arkeologar har synt at sivilisasjonen i Syria var ein av dei eldste på jorda, kanskje berre slått av dei i Mesopotamia.

Eblaittar og amorittar

Den tidlegare registrerte innfødde sivilisasjonen i regionen var bystaten EblaPettinato, Giovanni. The Archives of Ebla; Gelb, I. J. "Thoughts about Ibla: A Preliminary Evaluation" in Monographic Journals of the Det nære austen, Syro-Mesopotamian Studies 1/1 (May 1977) s. 3-30. nær dagens Idlib, nord i Syria. Ebla vart truleg grunnlagd kring 3000 fvt., og bygde gradvis velstanden sin på handel med dei mesopotamiske statane Sumer, Assyria og Akkad, i tillegg til hurrittar og hattiar i nordvest, i Vesleasia. Gåver frå faraoar som er funne under utgravingar, stadfestar at Ebla hadde kontakt med Egypt. Ein av dei tidlegare nedskrivne tekstane frå Syria er ein handelsavtale mellom vesir Ibrium av Ebla og kong Tudiya av Assyria kring 2250 fvt. Forskarar trur at språket i Ebla er eit av dei eldste kjende nedskrivne semittiske språka etter akkadisk. Nyare klassifiseringar av eblaittisk har synt at det var eit austsemittisk språk, nært knytt til akkadisk, då heile Syria vart ein del av det mesopotamiske Akkadiske riket etter erobringane til Sargon av Akkad som enda den eblaittiske sivilisasjon kring 2330 fvt.

Ebla vart gjenoppretta av kanaanittisktalande amorittar, som dominerte mykje av Syria frå 2000-talet fvt., sjølv om delar av Syria var okkupert av Assyria og Babylonia på 1800- og 1700-talet fvt.. Babylonia vart grunnlagde av amorittar frå Syria og Syria vart kalla Landet til Amurru (amorittar) av naboane sine i Assyria og Babylonia.

Byen Mari dukka opp i denne tida og vart ein rival til Ebla før han vart erobra av Hammurabi av Babylon. Ugarit vart òg grunnlagd på denne tida, kring 1800 fvt., i nærleiken av dagens Latakia. Ugarittisk var eit semittisk språk som var laust knytt til kanaanittiske språk, og utvika ugarittisk skrift, det første alfabetet i historia. Det ugarittiske kongedømet overlevde fram til det vart øydelagd av plyndrande indoeuropeiske havfolk på 1100-talet fvt.

Yamhad (dagens Aleppo) vart skildra i tavlene frå Mari som den mektigaste staten i det nære austen og skal ha hatt fleire vasallar enn Hammurabi av Babylon. Yamhad dominerte nord i Syria i to hundreår, og tok makta over Alalakh, Qatna og Eufratdalen ned til grensa med Babylon, og hæren til Yamhad drog så langt bort som Dēr ved grensa til Elam (dagens Iran), Yamhad vart erobra og øydelagd i lag med Ebla av indoeuropeiske hettittar frå Vesleasia kring 1600 fvt.Relations between God and Man in the Hurro-Hittite Song of Release, Mary R. Bachvarova, Journal of the American Oriental Society, Jan–Mar SAAD 2005

Frå den tida vart Syria ei slagmark for forskjellige utanlandske rike, hettittar-riket, Mitanni-riket, Det nye riket i Egypt, Det midtassyriske riket, og til ein mindre grad Babylonia. Egyptarane okkuperte i starten mykje i sør, medan hettittane, og Mitanni, okkuperte mykje i nord. Assyria fekk etter kvart overtaket, øydela Mitanni-riket, og annekterte dei enorme områda som hettittane og Babylon tidlegare hadde hatt. Mellom 1365 og 1020 fvt. vart Aust-Syria stort sett ein del av Det midtassyriske riket.Georges Roux, Ancient Irak, 3rd ed., Penguin Books, London, 1991, p.381 medan det vestlege område vart verande ein del av riket til hettittane fram til det vart øydelagd.

Aramearar og fønikiarar

mini|Den egyptiske faraoen Rameses II stormar den hittitiske festninga i Dapur, 1269 fvt. mini|Relieff frå Tel Halaf datert til kongedømet til Bit Bahiani. Kring 1300-talet fvt. dukka forskjellige semittiske folk opp i området, som halvnomadiske sutearar som kom i ein konflikt med Babylonia i aust, og vestsemittisk-talande aramearar som tok over etter dei tidlegare amorittane. Dei vart òg underlagt Assyria og hettittane i fleire hundreår. Egyptarane kjempa mot hettittane for å få kontroll over det vestlege Syria, og kampane nådde ein topp i 1274 fvt. med slaget ved Kadesh.

Då hettittane var øydelagd og Assyria vart svakare seint på 1000-talet fvt., tok arameiske folk kontroll over dei indre områda, og danna statar som Bit Bahiani, Aram-Damaskus, Hamath, Aram-Rehob, Aram-Naharaim og Luhuti. Frå den tida vart regionen kalla Aramea eller Aram. Det vart òg ein syntese mellom semittiske aramearar og restane av dei indoeuropeiske hettittane då fleire syrisk-hettitiske statar vart grunnlagde nord i det sentrale Aram (Syria) og sør i det sentrale Vesleasia (dagens Tyrkia) som Karkemisj og Sam'al.

Ei kanaanittisk gruppe kjend som fønikiarar skulle kome til å dominere kystområda av Syria (og Libanon og det sørvestlege Tyrkia) frå 1200-talet fvt., og grunnla bystatar som Amrit, Simyra, Arwad, Paltos, Ramitha og Shuksi. Frå desse kystområda dominerte dei etter kvart store delar av Middelhavet, og bygde koloniar på Malta, Sicilia, Den iberiske halvøya (dagens Spania og Portugal), kysten av Nord-Afrika, og viktigast av alt, grunnla den store bystaten Kartago (i dagens Tunisia) på 800-talet fvt. som seinare vart senter i eit stort rike som kjempa mot Romarriket.

Syria og heile Det nære austen kom så inn under det enorme Nyassyriske riket (911 fvt.-605 fvt.). Assyrarane innførte gammelarameisk som lingua franca i riket sitt. Dette språket vart verande det dominerande i Syria og heile Det nære austen fram til den arabiske islamske erobringa på 600- og 700-talet evt., og var ein reiskap i å spreie kristendom. Assyrarane kalla koloniane sine i Syria og Libanon Eber-Nari. Det assyriske herredømet enda då assyrarane svekka seg sjølv i ei rekkje brutale borgarkrigar etterfølgd av eit samla åtak frå ein koalisjon av dei tidlegare folkegruppene dei rådde over, som medarar, babylonarar, kaldearar, persarar, skytarar og kimmeriarar. Då Assyria fall herja og plyndra skytarane mykje av Syria. Den siste skansen til den assyriske hæren var ved Karkemisj nord i Syria i 605 fvt.

Det assyriske riket vart etterfølgd av Det nybabylonske riket (605 fvt.-539 fvt.), og i denne perioden vart Syria ei slagmark mellom Babylonia og ein annan tidlegare assyrisk koloni, Egypt. Babylonarane sigra, som assyrarane gjorde, over Egypt.

Antikken

mini|venstre|Den antikke byen Palmyra.

Akamenide-persarar tok Syria frå Babylonia som ein del av hegemoniet deira over Sørvest-Asia i 539 fvt. Persarane, som i fire hundreår hadde vore under assyrisk styre, heldt på gammelarameisk som språk for Akamenide-riket (539 fvt.- 330 fvt.) og det assyriske namnet, Eber-Nari, på satrapien Aram/Syria.

Syria vart erobra av det greske Makedonske riket styrt av Aleksander den store kring 330 fvt., og vart så provinsen Koilesyria i det greske Selevkideriket (323 fvt. - 64 fvt.).

Det var grekarane som introduserte namnet «Syria» til regionen. Opphavleg var det ei indoeuropeisk forvansking av «Assyria» i det nordlege Mesopotamia, og grekarane nytta ikkje berre dette omgrepet til å skildre sjølve Assyria, men òg landområda i vest, som i hundreår hadde vore under assyrisk herredøme.Rollinger, Robert (2006). «The terms «Assyria» and «Syria» again» (PDF). Journal of Near Eastern Studies 65 (4): 284–287. . Så i den gresk-romerske verda vart både aramearane i Syria og assyrarane i Mesopotamia i aust kalla «syrarar», trass i at dette var forskjellige folk.

Palmyra var eit rikt og stundom mektig arameiske kongedøme som dukka opp nord i Syria på 300-talet fvt., sjølvstendig frå grekarane. Etter kvart vart delar av det sørlege selevkidiske Syria teken av judeiske hasmonarar då det hellenistiske riket sakte vart oppløyst.

Syria kom ei kort stund under armensk kontroll frå 83 fvt., med erobringa til Tigranes den store, som vart teken imot som ein frelsar frå selevkidane og romarane av sitt eige folk. Armenarane heldt kontroll over Syria i to tiår før dei vart driven ut av romarane.

mini|Romersk teater i Bosra i provinsen Arabia, i dagens Syria Pompeius av Romarriket, som erobra Antiokia i 64 fvt., gjorde Syria om til ein romersk provins. Palmyra vart igjen stort sett sjølvstendig, og seint på 200-talet evt. vart det senteret i det kortvarige Palmyrenske riket, som ei kort stund erobra Egypt, Syria, Palestina, mykje av Vesleasia, Judea og Libanon, før det kom under romersk kontroll i 273 evt.

Det nordlege mesopotamisk-assyriske kongedømet Adiabene kontrollerte områda i det nordaustlege Syria mellom 10 evt. og 117 evt., før det vart erobra av Roma.Hist.» xviii., vii. 1

Syria gjekk etter kvart over frå romersk kontroll til bysantinarane, då Romarriket vart delt.

Den store arameisktalande folkesetnaden i Syria i glansperioden til riket vart truleg ikkje overgått igjen før på 1800-talet. Størstedelen av folkesetnaden var aramearar, men Syria var òg heimstaden til greske og romerske herskarklassar, assyrarane budde i nordaust, fønikarane langs kysten, og eit jødisk samfunn fanst òg, medan nabatearar og førislamske arabarar som lakhmidar gjekk inn i ørkenane sør i Syria. Den store og velståande folkesetnaden i Syria var ein av dei viktigaste i dei romerske provinsane, særleg på 100- og 200-talet evt.

Den romerske keisaren Alexander Severus, som var keisar frå 222 til 235, var ein aramear frå Syria. Syskenbornet hans Heliogabalus, som var keisar frå 218 til 222, var òg frå Syria og familien hans heldt arverettar til ypparstepresteembetet av den arameiske solguden El-Gabal ved Emesa (dagens Homs) i Syria. Ein annan romersk keisar som var syrar var Filip Arabaren (Marcus Julius Philippus), som var keisar frå 244 til 249.

Syria er viktig i historia til kristendommen. Saulus frå Tarsus, betre kjend som apostelen Paulus, vart omvendt på vegen til Damaskus og vart ein viktig person i den kristne kyrkja i Antiokia i det gamle Syria, og det frå her han la ut på dei mange misjonsreisene sine.(Apg 9, 1-43)

Mellomalderen

Islamsk Syria (al-Sham)

mini|Freske frå Qasr al-Hayr al-Gharbî, bygt tidleg på 600-talet Ved 640 evt. vart Syria erobra av den arabiske Rashidun-armeen leia av Khalid ibn al-Walid. Midt på 600-talet plasserte Umayyade-kalifatet, som då styrte riket, hovudstaden til heile riket i Damaskus. Riket mista mykje makt mot slutten av Umayyadestyret, hovudsakleg på grunn av diktatur, korrupsjon og opprør frå dei undertrykte. Umayyade-kalifatet vart så styrta i 750 av abbasidane, som flytta hovudstaden i riket til Bagdad.

Arabisk vart offisielt språk under Umayyadestyret og vart det dominerande språket, og erstatta gresk og arameisk i abbaside-tida. I 887 annekterte dei Egypt-baserte tūlūnidane Syria frå abbasidane, og vart seinare erstatta av iḫšididane og seinare av hamdānidane frå Aleppo, som vart grunnlagd av Sayf al-Dawla.

Krossfararar, ajjubidane og mamelukkane mini|venstre|Slaget ved Wadi al-Khazandar i 1299. Mongolane under Ghazan slo mamelukkane. Delar av Syria vart haldne av franske, engelske, italienske og tyske overherrar mellom 1098 og 1189 evt. under krosstoga, og vart samla sett kalla Krossfararstatane. Den største av desse i Syria var Fyrstedømet Antiokia.