Partii InuitElection Profile IFES var eit separatistisk politisk parti på Grønland, skipa av utbrytarar frå det dåverande regjeringspartiet Inuit Ataqatigiit (IA). Partiet var mot den såkalla storskala-lova og ønskte ei folkerøysting om lova. Mette Lynge representerte partiet i Naalakkersuisut (regjeringa) og var minister for bustader, natur og miljø. Ved det grønlandske parlamentsvalet i 2014 vann partiet ingen mandat i parlamentet.

Historie I regjeringsperioden 2009–2013, då Inuit Ataqatigiit sat i regjering, vart den såkalla storskala-lova vedteken. Ho gjorde det lettare for utanlandske selskap å få utvinningsløyve og å engasjera utanlandske arbeidarar. Lova garanterte utanlandske arbeidarar streikerett og lokal minsteløn. Samstundes gav ho selskapa høve til å trekkja utgifter til forsikring og mat frå løna, noko som i praksis førte til langt lågare løn for arbeidarane. Som følgje av vedtaket vart IA-utbrytarar, som var uroa over utnytting av utanlandske arbeidarar og dei sosiale og miljømessige konsekvensane av nye gruveprosjekt, med på å skipa Partii Inuit.

Partiet vann to mandat ved parlamentsvalet i 2013 og vart ein del av koalisjonsregjeringa til Aleqa Hammond. Det vart likevel skrive ut nyval året etter, og då mista partiet begge mandata sine.

Den 17. desember 2016 fekk partiet attende representasjon i parlamentet då den tidlegare Siumut-representanten Per Rosing-Petersen braut med partiet sitt, gjekk over til Partii Inuit og vart vald til partileiar. Han forlét likevel partiet to månader seinare for å slutta seg til Partii Naleraq.Partii Inuit: Tidligere formand vil tilbage til Partii Naleraq Sermitsiaq, 20. februar 2017

På ein pressekonferanse 16. mars 2018 vart det kunngjort at partiet vart oppløyst, og at dei tidlegare medlemmene no ville alliera seg med Partii Naleraq.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Inuit Party» frå , den 13. januar 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Grønlandske politiske parti Kategori:Skipingar i 2013 Kategori:Nedleggingar i 2018