In Tua Nua var ei irsk rockegruppe på 1980-talet. Medlemmar i denne perioden var songaren Leslie Dowdall, gitaristen Martin Clancy, bassisten Jack Dublin og trommeslagaren Paul Byrne. Alle medlemmene bortsett frå Clancy har spelt på ulike gjenforeiningar av gruppa sidan 2000-talet.
Historie Gruppa blei danna av Leslie Dowdall, Jack Dublin, Vinnie Kilduff, Ivan O'Shea, Martin Clancy, Paul Byrne og Steve Wickham på byrjinga av 1980-talet. Namnet på bandet er henta frå ei novelle av Gouverneur Morris frå 1929, «Iphigenia in Tua Nua», som føregår på ei oppdikta tahitisk øy som heiter Tua Nua. Gruppa fokuserte på rock i ein tidlig Roxy Music-stil, men denne blei kombinert med moderne folkemusikk og irsk tradisjonsmusikk i form av uilleann pipes og akustisk gitar, blanda med rå vokal og elektronisk fiolin.
I 1984 var bandet det fyrste som skreiv kontrakt med U2 sitt plateselskap Mother Records, og gav ut den fyrste singelen sin «Coming Thru». Kort tid etter skreiv gruppa kontrakt med Island Records. Her gav ho ut fleire singlar og spelte inn eit debutalbum. Den fyrste singelen på Island var den kritikarroste «Take My Hand», som ein ung Sinéad O'Connor var med på å skriva. Dette blei følgt av ein andre singel, eit cover av Jefferson Airplane-hitten «Somebody to Love».
I 1985 forlet Steve Wickham gruppa for å bli med i The Waterboys, og ho blei droppa av Island. Albumet som blei spelt inn for Island er ikkje blitt gjeve ut. Eit samlealbum med singlar og b-sider blei gjeve ut i Italia under tittelen Somebody to Love.
Vinnie Kilduff forlét òg bandet på denne tida. Som erstattingar henta dei attverande medlemmene inn Aingeala de Burca på fiolin og Brian O'Briain på uilleann pipes.
17. mai 1986 spelte gruppa i si nye utforming på Self Aid-konserten. Dei hadde nyleg skrive kontrakt med Virgin Records og gav ut «Seven into the Sea», ei av dei mest populære innspelingane sine. Albumet Vaudeville blei gjeve ut tidleg i 1987.
Etter å ha turnert for å promotera albumet, kom gruppa saman att for å spela inn ein oppfølgjar. Kort tid etter at innspelinga var ferdig bestemte både de Burca og O'Shea seg for å forlata gruppa. To nye medlemmer, Alicia «Lovely» Previn på fiolin og Matt Spalding på bass, kom til, og deretter blei The Long Acre gjeven ut i 1988. Det hadde to radiohittar i «All I Wanted» og «Don't Fear Me Now». «All I Wanted» nådde 69. plassen på UK Singles Chart i mai 1988. Det kom også ut ein tredje singel frå albumet, «Wheel of Evil».
Gruppa drog til Los Angeles i California for å spela inn eit tredje album for Virgin. Etter at innspelinga var ferdig blei gruppa oppløyst, og Virgin gav ikkje straks ut det ferdige produktet. Både Vaudeville og The Long Acre blei gjort tilgjengelege på iTunes i 2006, og det uutgjevne tredje albumet When Night Came Down on Sunset blei til slutt gjeve ut på iTunes i september 2007.
Sjølv om gruppa offisielt blei oppløyst i 1990, kom nokre av dei opphavlege medlemmene saman att i 2004 for å til spela konsertar att no og då. I 2010 gav M.P. & Records i Italia ut Vaudeville og The Long Acre ommastra med bonusspor på CD (fem bonusspor på Vaudeville og tre bonusspor på The Long Acre).
Diskografi
Album
Vaudeville (1987; Virgin) The Long Acre (1988; Virgin) When Night Came Down On Sunset (2007; sjølvutgjeve)
Singlar DatoSingelIrish ChartsDutch ChartsUKJanuar 1985"Take My Hand"19Juni 1986"Seven into The Sea"924Mars 1987"Heaven Can Wait"16November 1987"Some Things Never Change"22April 1988"All I Wanted"1769November 1988"Wheel Of Evil"90
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «In Tua Nua» frå , den 26. januar 2026.
Kategori:Irske musikkgrupper Kategori:Musikkgrupper skipa i 1982 Kategori:Musikkgrupper oppløyste i 1990