mini|Kong Charles III av Storbritannia les trontalen ved opninga av parlamentet i 2024. Trontale er ein seremoniell tale som blir halden av monarken framfor nasjonalforsamlinga i eit land, vanlegvis ein gong i året. I talen legg monarken fram dagsordenen til regjeringa for den kommande sesjonen. Trontalen er skriven av regjeringa, ikkje av monarken. Noreg, Storbritannia og Nederland har trontalar som ein del av konstitusjonen sin. Det finst også monarki der monarken held ein tale som ikkje er knytt til politikken til regjeringa, til dømes i Spania.

Noreg miniatyr|Kong Haakon les trontalen i 1950.

I Noreg kjem Stortinget saman i oktober. Det konstituerer seg og blir opna av monarken som les opp trontalen «hvori han underretter det om Rigets Tilstand og de Gjenstande, hvorpaa han især ønsker at henlede Storthingets Opmerksomhet.», jfr § 74 i grunnloven.

I samband med trontalen er plassen til stortingspresidenten erstatta av ein gullforgylt stol, tronstolen, for regenten. Under talen er alle stortingsrepresentantar, statsrådane og representantar for høgsteretten til stade.

Etter at kongen har avlevert trontalen er skikken at statsråden med minst fartstid les opp meldinga om rikstilstanden.

Etter trontalen blir trontaledebatten halden i Stortinget. Her debatterer ein innhaldet i trontalen, det vil seia politikken til regjeringa, særleg hovudprioriteringane og den politiske profilen som er gjevne.

I høve der kongen har vore hindra frå å halda trontalen har talen blitt lesen opp av kronprinsregenten. Kronprins Haakon framførte trontalen for fyrste gong i 2020.

Ifølgje politikaren Jens Haugland føreslo kong Olav ein gong for Haugland og statsminister Gerhardsen at trontalen burde haldast på nynorsk annakvart år. Haugland angra i ettertid på at han ikkje tok kongen på ordet, men Gerhardsen meinte det var nok at meldinga om tilstanden til og styringa av riket var på nynorsk.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Trontale» frå og «Trontalen (Norge)» frå , den 30. januar 2026.

Kategori:Monarki