Vladimir Nikolajevitsj Sakhnov () er ein tidlegare langrennar frå Kasakhstan som representerte Sovjetunionen.
Sakhnov vart sovjetmeister på femmila i 1982, 1984 og 1986. Han deltok i Vinter-OL 1984 i Sarajevo der han vart nummer 4 på 30-kilometeren og nummer 8 på 50-kilometeren. Fyrste helga i mars vann han femmila i Lahti, ei tevling som ikkje talde med i verdscupen i langrenn. Den 10. mars vart han andremann på femmila i Holmenkollen, eit lite halvminutt bakom Tor Håkon Holte, men nær minuttet før vinnaren av verdscupen 1984, svenske Gunde Svan. Sjølv enda Sakhnov på femteplass i verdscupen.
Under Ski-VM 1987 i Oberstdorf fekk Sakhnov ein sølvmedalje i stafetten, saman med Oleksandr Batjuk, Vladimir Smirnov og Mikhail T. Devjatjarov. Året etter vann han eit nytt stafett-sølv ved Vinter-OL 1988 i Calgary, då i lag med Smirnov, Devjatjarov og Aleksej Prokurorov. På den olympisk femmila vart han tolvtemann.
Sakhnov var aktiv internasjonalt til og med 1989-sesongen. I Svenska skidspelen 1989 vart han nummer 4 på tremila og gjekk andreetappen for det sigrande Sovjet-mannskapet i 4x10 km stafett.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Wladimir Nikolajewitsch Sachnow» frå , den 4. februar 2026.
Kategori:Sovjetiske langrennsløparar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i langrenn Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1988