mini|Sitat frå formann Mao på ein husvegg
«Maos vesle raude» (kinesisk 毛主席语录 (máo-zhǔxí yǔlù) ‘Sitat frå formann Mao’), omsett til norsk som Sitater fra formann Mao Tse-tung, er ei sitatsamling av utsegner som den kinesiske kommunistleiaren Mao Zedong (Mao Tse-tung) har kome med. Boka blei veldig populær under kulturrevolusjonen på 1960-talet. Boka kom først ut i 1960 og fekk si form og sitt praktiske lommeformat med det raude omslaget i 1964.
Sjå òg Indoktrinering
Kategori:Sakprosabøker Kategori:Kinesisk litteratur Kategori:Sosialistiske skrifter Kategori:Mao Zedong Kategori:Bøker frå 1960