Laura Thorn () er ein luxembourgsk songar og musikklærar. Ho representerte Luxembourg i Eurovision Song Contest 2025 med songen «La poupée monte le son», og enda på 22. plass samanlagt med 47 poeng. Liv og karriere Thorn har fått opplæring i musikkteori, piano, cello, tangentfjøl, kammermusikk og dans frå ung alder. Frå ho var fem år gammal har ho stått på scena og teke del i musikkonkurransar. Ho fullførte studia sine med ein mastergrad i musikkteori, musikkpedagogikk og popsong ved IMEP i Namur. Thorn arbeider som lærar ved musikkonservatoriet i Esch-sur-Alzette.
I 2024 var ein Paris-basert plateprodusentduo, beståande av Julien Salvia og Ludovic-Alexandre Vidal, på jakt etter ein luxembourgsk songar til ein ny låt. Dei tok kontakt med Thorn gjennom ein tidlegare songlærar av henne for å framføre songen, som seinare fekk tittelen «La poupée monte le son». Thorn sende deretter songen inn til Luxembourg Song Contest 2025, som fungerte som den luxembourgske uttakinga til Eurovision Song Contest 2025. Den 18. november 2024 vart Thorn kunngjord som éin av sju finalistar i konkurransen. Under finalen i Luxembourg Song Contest 2025, som vart halden i Rockhal den 25. januar 2025, fekk Thorn flest poeng frå dei internasjonale juryane og andreplass i telefonrøystinga. Ho vann dermed konkurransen og fekk retten til å representere Luxembourg i Basel. Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Laura Thorn» frå , den 3. mars 2026.
Kategori:Luxembourgske songarar Kategori:Luxembourgske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-deltakarar