Alectoris er ei biologisk slekt i fasanfamilien (Phasianidae). Desse artane har ei naturleg utbreiing i Sør-Europa, Nord-Afrika og Den arabiske halvøya, samt i delar av Asia frå Pakistan til Tibet og det vestlege Kina.
Artane i slekta blir samla kalla rock partridges på engelsk som ymtar om habitatet for desse fuglane. Slektsnamnet kjem frå gammalgresk αλέκτωρ (aléktōr), som tyder «høne» eller «tamhøns».
Taksonomi
Slekta Alectoris vart innført i 1829 av den tyske naturforskaren Johann Jakob Kaup for å romme ein enkelt art, Perdrix petrosa, eit yngre synonym for Perdix barbara, |Bonnaterre, 1790, berbarhøne. Denne arten er difor typeart for slekta ved monotypi.
Alectoris-artane er nært i slekt med vaktlar i «den gamle verda» (Coturnix og nærskylde slekter), frankolinar (Pternistis), og artane i slektene i Tetraogallus, Perdicula og Ammoperdix.
Skildring Alectoris samlar sju einsarta mellomstore fasanfuglar på ca. 34 til 38 cm i kroppslengd, spreidd frå Kanariøyane og Iberia i vest til Kina i aust.
Som hos mange andre slekter i fasanfamilien er Alectoris-artane relativt runde i kroppen og småhovuda. Dei har vanlegvis lysbrun eller grå overside, grått bryst, gulbrun buk og tverrstripete sider. Fleire artar har ein kvitaktig strupe med svart kant. Dei spesialiserte flankefjørene gjer at fuglane kan sjå meir runde ut enn dei eigentleg er. Beina er raude og har velutvikla sporar. Kjønna er stort sett like, men hannfuglar er noko større med meir kroppsmasse enn hoer.
Når dei blir forstyrra, spring dei raskt – ofte oppover i terrenget – og tek til vengene dersom dei blir pressa. Vengene er lange og forholdsvis spisse, noko som liknar vengene hos ryper.
Artane i slekta er standfuglar som lever i tørre, opne og ofte kuperte landskap. Dei hekkar på bakken i ei enkelt fòra grop og legg opptil 28 egg i kullet (raudhøne). Føda består hovudsakleg av eit breitt spekter av frø og plantemateriale. Insekt medrekna maur er supplerande næringskjelde hos fleire artar, vegetabilsk føde kan inkludere pinjekjerner, einebær og lav.
Innførte artar og hybridisering
Nokre artar i slekta, særleg berghøne (Alectoris chukar) og raudhøne (Alectoris rufa), er innførte til mange område utanfor sitt naturlege utbreiingsområde. Det finst no etablerte bestandar av berghøne i vestlege delar av Nord-Amerika, på Hawaii og på Sørøya i New Zealand, og av raudhøne i Storbritannia, på Azorane, Madeira og Kanariøyane.
Berghøna hybridiserer lett med både raudhøne og steinhøne. I Storbritannia er oppdrett og utsetjing av berghøner og hybridar mellom berghøne og raudhøne forbode, fordi det blir rekna som eit trugsmål mot raudhønepopulasjonen.
Artsoversyn
Medlemmar av Alectoris i rekkjefølgje etter AviList v2025: med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:
Berbarhøne, Alectoris barbara, Barbary Partridge, (Bonnaterre, PJ, 1790), (LC) Nord-Afrika; òg naturleg i Gibraltar og på Kanariøyane
Arabiahøne, Alectoris melanocephala, Arabian Partridge, (Rüppell, WPES, 1835), (LC) Sørlege Saudi-Arabia, Jemen og vestlege Oman
Raudhøne, Alectoris rufa, Red-legged Partridge, (Linnaeus, C, 1758), (NT) Den iberiske halvøya, Frankrike, Italia og Balearane
Berghøne, Alectoris chukar, Chukar Partridge, (Gray, JE, 1830), (LC) Kypros, Jordan, Israel, Palestina, Libanon, Syria, Tyrkia, Irak, Iran, Usbekistan, Afghanistan, Tadsjikistan, Pakistan og India
Steinhøne, Alectoris graeca, Rock Partridge, (Meisner, CFA, 1804), (NT) Serbia, Albania, Italia og Frankrike til Hellas og Bulgaria
Svartstrupehøne, Alectoris philbyi, Philby's Partridge, Lowe, PR, 1934, (LC) Saudi-Arabia og Jemen
Qinghaihøne, Alectoris magna, Przevalski's Partridge, (Przevalski, NM, 1876), (LC) Kina (Gansu og Qinghai)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Alectoris» frå , den 15. mars 2026
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fasanfamilien Kategori:Fuglar i den palearktiske regionen Kategori:Fugleslekter