Easter Ross (skotsk-gælisk Ros an Ear) er eit område i den austlege delen av statthaldarskapet Ross and Cromarty i regionen Highland i nordlege Skottland. Det har ikkje klart definerte grenser, men blir laust definert ut frå tradisjonar.

Busetnader Stadar i Easter Ross er mellom anna:«Explore Easter Ross» , Explore Easter Ross, Highlands of Scotland

Alness Dingwall (inkludert i Easter Ross i nokre kontekstar, men i andre kontekstar blir området rekna som del av Mid Ross) Evanton Invergordon Kildary Milntown of Tarbat (Milton) Portmahomack Kystlandsbyane (Seaboard Villages): Balintore Hilton of Cadboll Shandwick Tain

Piktiske steinar Området har gjort mykje for å tiltrekkja seg vitjarar og turistar, blant anna for dei historiske sjåverdigheitene sine. Easter Ross var eit kjerneområde for dei skotske urfolka som heldt til her før Skottland blei eit kongerike og ein nasjon, og som snakka piktisk. Dei har etterlae seg fleire handverksmessig forsegjorte steinar. Desse monumenta kan ein mellom anna sjå ved å følgja The Pictish Trail, ‘Den piktiske ruta. Nokre av monumenta er:

Shandwick-steinen (skotsk-gælisk Clach a’ Charridh) nær Shandwick er eit høgreist piktisk steinmonument med ulike biletmotiv.«Clach a' Charridh,cross slab (Shandwick Stone) (SM1674)», Historic Environment Scotland Den piktiske Nigg-steinen er frå 700-talet og er i Nigg. Han er ein av dei mest forseggjorde utskorne steinane som har overlevd i Europa frå tidleg mellomalder.«Clach a' Charridh,cross slab (Shandwick Stone) (SM1674)», Historic Environment Scotland Clach Biorach, gælisk for ‘den spisse steinen’. Dette er ein piktisk stein i nærleiken av landsbyen med same namn. Den ståande steinen går opp i ein spiss og har fleire detaljerte biletscener på sidene.<ref>«MHG8591 - Clach Biorach, Edderton, Highland Historic Environment Record»'''</ref>

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Easter Ross» frå , den 21. mars 2026.''

Kategori:Skotsk geografi Kategori:4°V Kategori:57°N