Per Egil Nygård () er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Oslo. Han vart noregsmeister 1974 med IK Skeid. Nygård var målvakt og spelte 10 landskampar for Noreg i tida 1978-83.

Karriere Klubbspel Nygård debuterte på Skeid sitt fyrstedivisjonslag i 1973 og vart året etter noregsmeister med Oslo-klubben. Fram til 1980 spelte han 273 kampar for Skeid. Framom 1981-sesongen melde han overgang til Bryne Fotballklubb. Dei neste seks sesongane var han Bryne-målvakt. Etter han la opp trente han ei tid lag i lågare divisjonar.

Landslagsspel Nygård debuterte på Ullevål stadion 31. mai 1978 mot Danmark, ein kamp som enda med tap 1-2. Vel fire år seinare fekk han landskamp nummer 2, mot same motstandar på same bana, ein kamp som Noreg vann 2–1. Haustsesongen 1982 og året 1983 vakta han Noregs målbur i 8 kampar. Landslagstida hans tok slutt i austtyske Potsdam 12. november 1983.

Kjelder

ru-football

Denne artikkelen bygger på «Per Egil Nygård» frå , den 28. mars 2026.

Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Skeid-spelarar Kategori:Bryne-spelarar Kategori:Folk frå Oslo