Antonio Eromonsele Nordby Nusa () er ein norsk fotballspelar frå Langhus i Akershus som sidan 2024 gjer teneste for den tyske fotballklubben RB Leipzig. Nusa er ein særs fintesterk kantspelar.
Karriere Klubbspel Nusa debuterte for Stabæk IF i eliteserien den 30. mai 2021. Allereie tre månader seinare vart han overført til belgiske Club Brugge. Han fekk sin debut i ein belgisk seriekamp eit par månader før han fylte 17 år. Våren 2024 vart Nusa belgisk seriemeister med Club Brugge. I august 2024 signerte Nusa femårskontrakt med RB Leipzig.
Landslagsspel Nusa debuterte for Noreg på Ullevål stadion den 7. september 2023 og skåra det fyrste målet då Jordan vart slått 6–0. 6. juni 2025 imponerte han stort då Noreg på heimebane slo Italia med 3–0 i ein kvalifiseringskamp til Fotball-VM 2026, skåra sjølv det andre målet. Også i bortekampen mot Italia i Milano den 16. november skåra han eit mål, der Noreg sigra med 4 mot 1. Per 1. april 2026 var han bokført med 22 landskampar og 7 skåringar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Antonio Nusa» frå , den 6. april 2026.
Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Stabæk-spelarar Kategori:RB Leipzig-spelarar Kategori:Club Brugge-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2026