Pål Morten Borgli () er ein norsk politikar for Framstegspartiet frå Sandnes. Ved stortingsvalet 2025 vart han vald inn for Rogaland. Frå 2011 til 2023 var han varaordførar i Sandnes.
Politisk karriere Borgli byrja den politiske karrieren sin i Sandnes bystyre i 1995. I 2003 vart han varaordførar, medan (H) vart ordførar. Mellom 2007 og 2011 var han gruppeleiar for Frp som då var største opposisjonsparti.
Etter kommunevalet i 2011 gjekk Frp og Borgli inn i eit samarbeid med Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Pensjonistpartiet og Sosialistisk Venstreparti. (Ap) vart ordførar og Borgli vart varaordførar. Dette utradisjonelle samarbeidet vart fornya etter kommunevalet i 2015 og atter i 2019; Borgli heldt fram som varaordførar.
Etter kommunevalet i 2023 vart (H) ordførar og (Frp) vart varaordførar. Dermed måtte Borgli gå av som varaordførar.
Han var medlem av fylkestinget i Rogaland i periodane 1999–2003 og 2007–. Han var også vararepresentant for Rogaland Framstegsparti til Stortinget etter valet 2009. I perioden mellom 2011 og 2012 var han medlem av sentralstyret til Framstegspartiet.
Borgli vart vald inn som stortingsrepresentant for Rogaland etter stortingsvalet 2025, der han valde å halda fram med dei kommunale verva sine samstundes som han sit på Stortinget.
Politiske verv
2011– 2023: Varaordførar i Sandnes kommune 2007– : Medlem i Fylkestinget i Rogaland 1995– : Medlem i Sandnes bystyre/Sandnes kommunestyre 2011–2015: Leiar for Regional- og kulturutvalet i Rogaland fylkeskommune 2011–2012: Sentralstyremedlem i sentralstyret til Framstegspartiet 2009–2013: 3. vararepresentant på Stortinget frå Rogaland 2009–2011: 2. varamedlem i sentralstyret til Framstegspartiet 2007–2011: Gruppeleiar i Sandnes Framstegsparti 2003–2007: Varaordførar i Sandnes kommune 1999–2003: Fylkestinget i Rogaland
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pål Morten Borgli» frå , den 9. april 2026.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Sandnes Kategori:FrP-politikarar i Rogaland Kategori:Lokalpolitikarar i Sandnes Kategori:Vararepresentantar til Stortinget