The Scotsman er ei skotsk riksavis som har kome ut i Edinburgh sidan 1817.
Ho hadde eit stadfesta opplag på 45 352 i 2010.guardian.co.uk 11. juli 2010, besøkt 18. desember 2010 Opplagstalet låg på rundt 100 000 på 1980-talet.Obituary Arnold Kemp
Avisa har hatt ei nettutgåve sidan 1998.
Historie The Scotsman kom fyrst ut i 1817.The Scotsman Archive - 25th January 1817 (page 1 of 8) - The Scotsman launched Etter at skatt på aviser blei avskaffa i 1850, blei The Scotsman lansert på nytt som dagsavis med pris av 1 penny og med eit dagleg opplag på .
I 1953 blei avisa kjøpt opp av den kanadiske millionæren og mediemogulen Roy Thomson. Frå 1988 til 1994 var Magnus Linklater redaktør i avisa. I 1995 blei avisa vidareselt til dei britiske milliardærane David og Frederick Barclay for 85 millionar pund. Dei flytta avisa frå dei tradisjonelle kontora i North Bridgei Edinburgh (som no er eit luksushotell) til heilt nye kontor på Holyrood Road i nærleiken av der bygningen til det skotske parlamentet seinare blei oppført.
I desember 2005 selde brørne Barclay The Scotsman til Johnston Press i ein handel på 160 millionar pund. Johnston Press er eit skotsk selskap som blei ein av dei tre største utgjevarar av lokalaviser i Storbritannia og ein stor aktør på internett. I november 2018 gjekk Johnston Press konkurs. Kort tid etter blei det kjøpt av JPIMedia, som i 2019 blei kjøpt av multimediaføretaket National World.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Scotsman» frå , den 12. april 2026.
Bakgrunnsstoff
The Scotsman Digital Archive 1817–1950 History of The Scotsman
Kategori:Skotsk kultur Kategori:Britiske aviser Kategori:Skipingar i 1817