alt=Utførelse av fugledansen på Ballard Seafood Fest(I Ballard nabolaget i Seattle, Washington), dansende til Texas bandet Brave Combo.|mini|Dansing av Fugledansen på Ballard Seafood Fest 2007. mini|Utkledd kylling lærer barn Fugledansen under ei oktoberfestfeiring i USA.
Fugledansen er ein dans som var utbreidd som ei dille i Europa og Nord-Amerika på 1980-talet. Populariteten til fugledansen var mellom anna eit resultat av «The Birdie Song», som blei framført av popgruppa The Tweets i 1981.
Bakgrunn og historie Songen til Fugledansen blei komponert av trekkspelaren Werner Thomas frå Davos i Sveits, i 1957 under namnet Chip-Chip. Det var òg Thomas som utvikla dansen rundt 1963. Han framførte songen med tilhøyrande dans i restaurantar og hotell frå 1963. Under ei av desse framføringane høyrde den belgiske produsenten Louis van Rijmenan songen. Van Rijmenan la til nokre tekster, og i 1970 gav han songen offentleg gjennom forlaget sitt Intervox Music (seinare samarbeidde han med sitt andre selskap og publiserte songen gjennom Eurovox Music) utan stor suksess. Eurovox Music eig i dag utgjevarrettane over heile verda, utanom USA (September Music), Storbritannia (Valentine Music) og i Nederland (Benelux Music).
Fugledansen og songen blei kjøpt frå Tyskland til USA av Eddie Duling og Larry Karhuff frå Glandorf i Ohio i 1974. Namnet til den opphavlege sveitsiske songen var «Der Ententanz» (Andedansen). I løpet av 1970-åra fekk songen namnet «Vogeltanz» (Fugledans), sjølv om desse namna aldri slo igjennom i Tyskland.
Popularitet Populariteten til songen og dansen var eit resultat av «The Birdie Song», som blei framført av popgruppa The Tweets i 1981. Seinare i 2000 blei deira versjon av songen stemt til den «mest irriterande songen nokon sinne» i ei meningsmåling utført av heimesida dotmusic.
Fugledansen i Noreg I oktober 2015 lansert butikkjeda Meny og Kyllinggården ein reklamekampanje for å promotera dei nye kyllingprodukta sine. I denne reklamen utfordra selskapa musikkvideoregissøren Reinert Olsen (Ray-Kay) til å laga ein ny og modernisert versjon av kyllingdansen/fugledansen.
Koreografi mini|Barn og ein klovn dansar Fugledansen i Wisconsin. Fugledansen med tilhøyrande song er meint å utførast som ein gruppedans, og han er som følgjer:
Fleire personar formar ein stor sirkel, alle vende mot midtpunktet til sirkelen. Når musikken startar, form eit fuglenebb med hendene. Opne og lukk «nebbet» fire gonger under dei fire fyrste taktslaga. Form kyllingvenger med armane. Flaks vengene fire gongar til dei neste fire slaga. Form stjertfjørene med armar og hender. Vrikk kroppen nedover på dei neste fire taktane. Klapp hendene dei neste fire slagea. Gjenta denne prosessen fire gongar. Etter fjerde gong, snur dansaren seg til høgre saman med dansepartnaren, med høgrearmen i armkrok, under åtte taktslag. Dei to partnarane svingar seg rundt, arm i arm med ansikt til ansikt, fire gongar. Alle punkta blir gjentekne til dansen er over. Dansen gjentar seg raskare og raskare til musikken stoppar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fugledansen» frå , den 16. april 2026.
Kategori:Dansar Kategori:Songar frå 1981