Manuel Payno () var ein meksikansk forfattar, journalist, politikar og diplomat. Politisk var han moderat liberal. Dei best kjende verka til Payno er Los bandidos de Río Frío, ein costumbrist-roman rekna som ein viktig del av meksikansk litteratur som har vore inspirasjonskjelde for andre forfattarar og kunstnarar, og som òg er blitt filmatisert fleire gonger.
Bakgrunn og tidleg politisk karriere Far hans var Manuel Payno Bustamante González, som grunnla tollvesenet i Matamoros.Memories of my times s. 32 og 33, av Guillermo Prieto. Collection "Sepan cuántos...", no. 481. Mexico: Porrúa. 1985. Lite er kjent om mora, nokre kjelder omtalar henne som María Josefa Cruzado Pardo frå ein framståande familie frå Puebla. Andre kjelder gjev henne familienamnet Flores. Payno gjekk inn i tollvesenet i Matamoros i lag med Guillermo Prieto. I 1840 var han sekretær for general Mariano Arista. Då han nådde rangen som oberstløytnant blei han leiar for ein del av Krigsdepartementet. Seinare dreiv han ein tobakksbutikk.
Krigar og politikk I 1847 kjempa han mot den amerikanske hæren under den meksikansk-amerikanske krigen, og han grunnla den hemmelege posttenesta mellom Mexico by og Veracruz. Han var finansminister under administrasjonen til José Joaquín de Herrera (1850-1851) og òg under regjeringa til Ignacio Comonfort.
Han blei anklaga for å ha vore involvert i statskuppet leia av Félix Zuloaga, og blei straffeforfølgd og fjerna frå politikken. Manuel Payno blei òg forfølgd under Den andre franske intervensjonen i Mexico, og han enda opp med å anerkjenna styret til keisar Maximilian av Habsburg. Etter at republikken blei gjenoppretta, med Benito Juárez som president, blei Payno ein lovgjevar.
Lærar og diplomat Manuel Payno verka som lærer, og underviste på den vidaregåande skulen Escuela Nacional Preparatoria som var oppretta av Gabino Barreda. Han var professor ved School of Commerce, der han underviste i politisk økonomi. Som senator, i 1882, blei han send av president Manuel González som agent til Paris. I 1886 blei han utnemnd til konsul i Santander i Spania, og etterpå til generalkonsul i Spania. Han slo seg ned i Barcelona. I 1891 vende han tilbake til Mexico og i 1892 blei han vald til senator, ei stilling han hadde til han døydde i 1894 i San Ángel i Mexico by. Han skreiv Tratado de la propiedad. Ensayo de un estudio del Derecho Romano y del Derecho Público y Constitucional en lo relativo a la propiedad om romarretten og konstitusjonsrett i høve til eigedom. [This work has free access in the Virtual Law Library of the UNAM]
Forfattarskap Payno var også ein stor lesar og ein leiande forfattar. Han kombinerte den politiske verksemda si med journalistikk og forfattarskap. Det journalistiske verket hans omfattar historiske, politiske og økonomiske artiklar, i samarbeid med fleire aviser. Han var korresponderande medlem av Det konglege spanske akademiet. Han skreiv romanar som El fistol del diablo (‘Slipsnåla til Djevelen’, 1845–1846), der han plasserer moro framfor moralske prinsipp, El hombre de la situación (‘Mannen for situasjonen’, 1861), ein roman som tek for seg dei siste åra til visekongedømet Ny- Spania og dei fyrste åra til sjølvstendige Mexico.
Romanen Los bandidos de Río Frio (‘Bandittane frå Río Frío’, 1889-1891) er utan tvil meisterverk og det best kjende verket hans. Boka blei skriven under pseudonymet ‘Ein mexicansk skapar ()’, under det andre oppholdet hans i Europa. Los bandidos de Río Frío er ei gjenskaping av Mexico frå fyrste halvdel av 1800-talet. Handlinga er rik på hendingar frå røyndommen. Payno gjev ei lang skildring av miljøet og settinga, inkludert bakgrunnen til karakterane, hendingane går føre seg blant alle samfunnslaga på den tida og skildrar maktfolk, profesjonelle, militære, handverkarar, handelsfolk indianarar, geistlege og tjuvar. Romanen skildrar òg det kulturelle og etniske mangfaldet i Mexico og kontrastene i livsstil mellom samfunnsklasser og livet i byane og på landet.
Nokre andre verk av han er Compendio de historia de México (‘Kompendium av historia i Mexico’), Novelas cortas (‘Korte romanar’), La España y la Francia (‘Spania og Frankrike’), El libro rojo (‘Den raude boka’, skriven med Vicente Riva Palacio, Juan A. Mateos og Rafael Martínez de la Torre) og La convención española (‘Den spanske konvensjonen’).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Manuel Payno» frå , den 27. april 2026.
Kategori:Meksikanske forfattarar Kategori:Forfattarar frå 1800-talet