Stian Rode Gregersen () er ein norsk fotballspelar frå Kristiansund som sidan 2024 gjer teneste for Atlanta United i USA. Han er midtstoppar.
Karriere Klubbspel Gregersen kom sommaren 2012 frå Kristiansund BK til Molde FK. Han fekk lite speletid og vart av den grunn lånt ut til Kristiansund BK på nivå 2 i seriesystemet. I 2016 var han tilbake i Molde, men det var fyrst i 2017 og -18 han fekk meir speletid. 2019-sesongen spelte han for IF Elfsborg i Allsvenskan. Etter framifrå spel for Molde FK i 2020 og -21 vart Gregersen i august 2021 overført til franske Girondins Bordeaux, ein klubb som i 2022 rykte ned i Ligue 2. I januar 2024 skreiv han kontrakt med Atlanta United i nordamerikansk fotball.
Landslagsspel Gregersen landslagsdebuterte 27. mars 2021 i ein kvalifiseringskamp til Fotball-VM 2022. Kampen mot Tyrkia vart avvikla i spanske Malaga og enda med tap 0–3. Dei neste åra fekk han gong om annan vere innbytar i landskampar. Han deltok i sin 11. og siste landskamp då Israel vart slått 4–2 i ein kvalifiseringskamp 25. mars 2025.
Kjelder
eu-football
Denne artikkelen bygger på «Stian Gregersen» frå , den 1. mai 2026.
Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Molde-spelarar Kategori:Bordeaux-spelarar Kategori:Kristiansund BK-spelarar Kategori:Elfsborg-spelarar