Søren Hans Smith Sørensen () var ein norsk skipsreiar og politikar frå Tromøy i Aust-Agder.

Sørensen tok mellomskulen og drog så i 1902 til sjøs. I 1903 gjekk han styrmannsskule og i 1907 skipperskule. Frå 1912 til 1917 var han skipper. Sidan dreiv han gardsbruk, sagbruk og skipsverft. Elles etablerte han Smith-Sørensens Tankrederi som han dreiv i lang tid. Gjennom assuranseselskapet Gard var han aktiv i maritim forsikring, styremedlem 1939–46 og styreformann 1946–55 i selskapet. 

Sørensen fekk plass i Tromøy heradsstyre i 1916. Frå 1919 til 1941 var han ordførar i kommunen. Hausten 1945 vart han vald til stortingsrepresentant for Aust-Agder og partiet Høgre. På Tinget var han sekretær i Post-, telegraf- og kystfartskomiteen.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Aust-Agder Kategori:Ordførarar i Tromøy Kategori:Høgreordførarar i Aust-Agder Kategori:Norske skipsreiarar Kategori:Folk frå Arendal