Opplysningskontoret for melk og meieriprodukter (MELK) er eit bransjeeigd askjeselskap som driv marknadsovervaking og -påverknad på vegner av meieribransjen i Noreg. Selskapet blei skipa i 2003, og kontoret blei offisielt opna i april 2004. Selskapet driv PR- og reklameaktivitetar på vegner av aktørane i meieribransjen. TINE og Q-Meieriene har vore med sidan byrjinga, og i 2008 kom òg Synnøve Finden AS med på eigarsida. mini|Fløyte, mjølk, yoghurt og andre mjølkeprodukt til sals i ein norsk supermarknad i 2017.

Organisering og finansiering Verksemda og aktivitetane til Opplysningskontoret for Meieriprodukter er finansierte via ei omsetnadsavgift frå mjølkeprodusentane i Noreg, på lik linje med andre opplysningskontor i landbruket. Omsetningsavgifta blir forvalta av Omsetningsrådet og er administrert av Landbruksdirektoratet. Kontoret har 11 tilsette og ei årleg omsetnad på vel 24 millionar kroner. Det er eigd av TINE 50 %, Synnøve Finden 25 % og Q-meieriene 25 % (per 2011). Proff.no, et søk på opplysningskontoret-for-meieriprodukter

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Opplysningskontoret for Meieriprodukter» frå , den 8. mai 2026.

Bakgrunnsstoff

Brønnøysundregistrane - Nøkkelopplysingar frå Enhetsregisteret. søk på org nr 985591326

Kategori:Mjølkeprodukt Kategori:Mat og drikke i Noreg Kategori:Norske næringsmiddelføretak