Thomas Moore () var ein irsk diktar, songar, låtskrivar og underhaldar som i dag særleg er kjend for songtekstane til «The Minstrel Boy» og «Last Rose of Summer». Han var ein svært produktiv forfattar, med ein omfattande forfattarskap. I tillegg til dikta og songtekstane sine skreiv han òg romanar, biografiar og eit verk i fire bind om irsk historie. Saman med John Murray var han ansvarleg for å brenna memoarane til lord Byron etter at denne var død. Medan han levde blei han ofte referert til som Anacreon Moore.

Bakgrunn Thomas Moore blei fødd over kolonialhandelen til far sin på eit gatehjørne i Dublin i 1779.I Hear America Singing Far hans var ein irsktalar frå Gaeltacht i Kerry i sørlege Irland, og mor hans, Anastasia Codd, var frå Wexford. Han hadde to yngre systrer, Kate og Ellen.

Frå relativ ung alder viste Moore interesse for musikk og anna framføring. Han opptredde tidvis i skodespel saman med vennene sine, som i stykket The Poor Soldier av John O’Keeffe, og ei tid hadde han ambisjonar om å bli skodespelar.Kelly, Ronan (2009), s. 25 Moore gjekk på fleire skular i Dublin, mellom anna Samuel Whyte’s English Grammar School i Grafton Street der han lærte å snakka med engelsk aksent som han sidan hadde resten av livet.Kelly, s. 21-24 Frå 1795 studerte han på Trinity College som då nyleg hadde byrja å akseptera katolske studentar. Dette var eit forsøk på å oppfylla mora sin draum om at hans skulle bli advokat. Moore var innleiingsvis ein god student, men etter kvart arbeidde han mindre energisk med studiane sine. Tida hans på Trinity kom samtidig med dei pågåande opprøret som følgde den franske revolusjonen. Nokre av medstudentane hans, som Robert Emmett, var tilhengjarar av United Irishmen, ei politisk foreining som blei grunnlagd på Irland i 1791. Dei søkte støtte frå den franske regjeringa for å kunna fremja ein revolusjon på Irland. I 1798 braut det ut eit opprør, følgt av ein fransk invasjon, men begge delar blei slått ned av britiske styrkar.

Fyrste suksess Moore studerte jus ved Middle Temple i London, men det var som poet, omsetjar, visediktar og songar at han blei kjend. Verka hans blei snart svært populære, og omfatta «The Harp That Once Through Tara’s Halls», «Believe Me, if All Those Endearing Young Charms», «The Meeting of the Waters» og mange andre. Balladane hans blei gjevne ut som Moore's Irish Melodies (vanlegvis kalla for Moore's Melodies) i 1846 og 1852.Moore's Irish Melodies: The Illustrated 1846 Edition (Dover Pictorial Archive Series)Captain Fiddle Music Ryan J Thomson: Moores Irish Melodies book Medan Thomas Moore heldt på å fullføra dei mange songane sine møtte han ei jente som heitte Lena Angese som oppmuntra han i arbeidet. Ho hjelpte han òg med seinare komposisjonar, og dei vart svært nær. Ein dag forsvann ho brått. Då han leita etter henne fann Moore ut at ho hadde døydd berre nokre dagar tidlegare.

Moore var meir enn ein ballademakar. Han hadde betydeleg suksess som sosietetsfigur i London, møtte prinsen av Wales, den framtida Georg IV av Storbritannia. ved fleire høve, og fekk særleg vern frå den irske aristokraten lord Moira. Moore oppheldt seg fleire gonger i huset til Moira i Donnington Park i Leicestershire, der han òg kunne dra nytte av det omfattande biblioteket. Han samarbeidde med Michael Kelly om å setja opp den komiske operaen The Gypsy Prince i 1801. Han såg ikkje på det som ein suksess sjølv, men musikken blei populær. I kjølvatnet av dette feilskjæret valde han ikkje å skriva for teateret det neste tiåret.

Nord-Amerika I 1803 blei Moore utnemnd til protokollførar for admiralitetet på Bermuda. Han var bortimot 3 månader på øya, men fann arbeidet svært lett og lite inspirerande. Det var fleire andre tinghus i nærleiken og svært få erobra skip som vart ført til Bermuda, og han hadde difor lite å gjera. Sjølv om han fann inspirasjon på Bermuda syntest han at samfunnet var avgrensa, og reiste snart tilbake til Norfolk i Virginia.Kelly, s. 106-107 Likevel, på trass av det korte opphaldet, er han tidvis blitt rekna som ein uoffisiell hoffdiktar av Bermuda.Kelly, s. 105

Frå Norfolk reiste han vidare til USA og Canada på ei danningsreise. I løpet av denne turen utvikla Moore eit djupt kritisk syn på USA. Han mislikte særleg det regjerande republikanske partiet og president Thomas Jefferson. Medan han var seg i Washington, budde han hjå den britiske ambassadøren der, og møtte Jefferson kortvarig. Han drog deretter gjennom ulike amerikanske byar, og var mest tilfreds med tida si i Philadelphia, der han allereie hadde opparbeidd seg eit omdømme. Han drog så nordover til britiskkontrollerte Canada, stoppa ved Niagarafalla, og segla så attende til Storbritannia frå Nova Scotia ombord på eit britisk marineskip som nådde heimlandet i november 1804.Kelly, s. 105

Duell og ekteskap høgre|mini|Lord Jeffrey, som Moore nær nedkjempa i ein duell i 1806 etter å ha fått dårleg omtale av boka si. Omstenda ved den avbrotne duellen førte til at Moore blei latterleggjort. Det var etter denne reisa at han gav ut boka Epistles, Odes, and Other Poems som blant anna hadde festhymnen til den historiske fossen Cohoes Falls, kalla «Lines Written at the Cohos, or Falls of the Mohawk River». Eit gjengtakande tema i verka hans om USA var tankane hans kring slaverispørsmålet. Moore sin spottande kritikk av USA førte til raseri i landet, som særleg var imot at slaveriet vart kritisert, og førte til fleire motsvar.Kelly, s. 148-149 I Storbritannia førte ei kritisk melding av verket hans til at han utfordra redaktøren Francis Jeffrey til duell. Dei møtte kvarandre ved Chalk Farm nord i London, men duellen blei avbroten då politiet kom til staden og begge blei arresterte. Det blei sagt at motstandaren til Moore var blitt gjeven ein uladd pistol, og hendinga førte til at Moore blei vidare latterleggjort.Kelly, s. 139-147

Lord Byron dreiv gjøn med Moore sin «blyfrie pistol» og skreiv «ved undersøking blei kulene til pistolane, som motet til dei stridande, funne å ha fordampa.»Kelly, s. 182-183 Moore blei rasande over dette og sende eit brev til Byron som gav beskjed at om ikkje kommentarane blei oppklarte var Moore villig til å slost med Byron. På denne tida hadde Byron reist frå Storbritannia for å reise i utlandet, og brevet nådde han ikkje. Då dei to mennene til sist møtte kvarandre blei striden lagt til side, og dei blei snart nære venar.Kelly, s. 184 & s. 204-209

Mellom 1808 og 1810 opptredde Moore kvart år med Kilkenny Players i ei rekkje framføringar for gode formål i Kilkenny i Irland, saman med ein blanding av den irske eliten og profesjonelle skodespelarar. Moore opptredde ofte i komiske roller i stykke som Rivalane av Richard Brinsley Sheridan og Andalusias festning av John O'Keeffe.Kelly, s. 170-175

Moore gifta seg med skodespelaren Elizabeth Bessy Dyke i 1811. Han hadde møtt henne saman med skodespelarane i Kilkenny der ho opptredde saman med systrene sine. Ho var dotter av ein funksjonær i Det britiske austindiske kompaniet, men var blitt oppdregen saman med systrene av mor si åleine. Moore kunne ikkje fortelja foreldra sine om ekteskapet, truleg delvis fordi ho var ein engelsk protestant, og delvis fordi ho var ei kvinne utan medgift. Moore hadde kostbar smak, og til trass for dei store summane han tente på forfattarskapen sin, hamna han i gjeld. Situasjonen blei forverra av at mannen han hadde tilsett for å vikariera for seg i Bermuda gjorde underslag. Moore blei ansvarleg for 6000 pund som var blitt ulovleg tekne av agenten hans i Bermuda, og tapte ei avgjersle i admiralitetet i denne saken.

«Irish Melodies» mini|Noteblad til «Those Evening Bells». Tidleg i karrieren hans var arbeidet til Moore i stor grad generelt, og om han hadde døydd på dette tidspunktet ville han ikkje blitt rekna som ein irsk poet.Kelly, s. 151 Frå 1806-1807 endra han dramatisk skrivestilen og fokuset sitt. Som følgje av ein førespurnad frå ein utgjevar skreiv han tekstar til irske songar i samarbeid med John Stevenson, og desse blei gjevne ut i fleire bind. Moore blei best kjend for desse irske melodiane som blei enormt populære og inneheld songar som «The Minstrel Boy», «The Last Rose of Summer» og «Oft, in the Stilly Night».

I 1811 skreiv Moore M.P., ein komisk opera, i samarbeid med Samuel Arnold. Sjølv om dei fekk fleire positive meldingar hadde Moore ingen stor glede av å skriva for teateret, og bestemte seg for å ikkje skriva fleire teaterstykke igjen, sjølv om han blei oppmuntra til å gjera det.Kelly, s. 200 Gjennom heile 1810-talet skreiv han fleire politiske satirar. Etter å ha vore ein tilhengar av prinsen av Wales snudde han i 1811 då prinsen vart prinsregent og byrja å omfamna Tory-regjeringa til trass for den tidlegare tilknytinga si til opposisjonen, whiggane. Eit anna betydeleg mål for satiren hans var utanriksministeren lord Castlereagh, som fleire gonger blei referert til i Moore sin verk som til dømes Tom Crib's Memorial to Congress, som var ein parodi på kongressen i Aachen (1818) mellom Storbritannia og dei allierte. Han blei portrettert som boksekamp.Kelly, s. 322-327 I 1818 skreiv Moore The Fudge Family in Paris, ei forteljing der ein britisk familie reiser for å oppleva sjåverdige stader i Paris og fekk seinare ein oppfølgjar, The Fudge Family in England frå 1835.

På rundt same tid byrja Moore òg å arbeida på ein biografi over dramatikaren og politikaren Richard Brinsley Sheridan som han møtte fleire gonger, men delvis på grunn av juridiske grunner blei ikkje boka utgjeven før i 1825.Kelly, s. 315-325

Frankrike Til trass for ei gjeld på 6 000 pund avviste Moore i 1819 fleire tilbod om finansiell støtte frå venene og beundrarane sine, og måtte forlata Storbritannia for å ikkje hamna i gjeldsfengsel. I selskap med lord John Russell reiste han til Kontinentet og etter ein grand tour, eller danningsreise, gjennom Frankrike, Sveits og Italia, budde han i Paris fram til 1822, mest kjent saman med familien til Martin de Villamil. Til slutt var gjelda hans blitt betalt ned takka vera støtte frå den seinaste vernaren hans, lord Lansdowne, og eit forskot gjeve til han av utgjevaren hans Longman.

I løpet av reisa sine over Europa var han ei del tid med lord Byron i Venezia i det som kom til å vera det siste møtet deira. Byron gav Moore memoara sine med instruksjonar om å gje dei ut etter at han var død som den litterære testamentfullbyrdaren hans. Moore blei mykje kritisert seinare for å la seg overtale til å øydeleggja sjølvbiografen på vegner av Byron sin familie ettersom verket blei sett på som altfor ærleg. Moore kom likevel til å redigera og gje ut Letters and Journals of Lord Byron, with Notices of his Life i 1830, seks år etter at diktaren døydde i Hellas i 1824.

Etter å ha kome tilbake til Storbritannia gav Moore ut ny poesi, men til trass for gode meldingar og gode sal, var han blitt desillusjonert over å skriva poesi. Han byrja å skriva romanar, ein litterær sjanger som var blitt svært populær på grunn av suksessen til Walter Scott sine historiske forteljingar. I oktober 1825 blei biografien Life of Richard Brinsley Sheridan endeleg gjeven ut etter ni års arbeid, av og på. Boka blei svært populær, og blei raskt gjeven ut i ei rekkje nye opplag. Ho bidrog til å gje Moore eit meir seriøst omdøme blant dei litterære folka i samtida hans.

Seinare liv mini|Thomas Moore avbilda med skrivebrettet sitt.