mini|Prinsessen på ærten-skulptur i Jesperhus. «Prinsessa på erta», opphavleg tittel «Prindsessen paa Ærten», er eit kunsteventyr av H.C. Andersen. Det fortel om ein prins som leiter verda rundt etter ei «verkeleg» prinsesse, men ikkje finn nokon som når opp. Når ein mogleg kandidat bankar på døra til slottet og ber om husly, lager dronninga ein test som skal avgjera om ho er ei retteleg prinsesse. Ho legg ei ert i senga hennar, og dekker henne med 20 madrassar og 20 dyner av edderdun. Det viser seg at gjesten er så ømtolig at ho føler erta gjennom alle laga, og ikkje klarer å sova. Dette viser at ho er ei verkeleg prinsesse.

Eventyret blei gitt ut for fyrste gong i den fyrste hefta eventyrsamlinga til Andersen, Eventyr, fortalte for Børn, som kom ut 18. mai 1835. Det er basert på eit folkeeventyr og blir sett på som eit «litterært eventyr». Om dei tre eventyra i samlinga som var baserte på folkeeventyr forklarte H.C. Andersen seinare i samlinga Eventyr og Historier frå 1863: «De tre første Eventyr havde jeg i min Barndom hørt i Spindestuen og ved Humleplukningen.»

«Prindsessen paa Ærten» er ganske kort. Hovudpersonen i eventyret går ikkje gjennom dei typiske tre prøvane i folkeeventyret, men berre ein enkelt prøve.

H.C. Andersen sitt handskrift til «Prindsessen paa Ærten» er i Den Collinske Manuskriptsamling på Det Kongelige Bibliotek.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Prinsessen på ærten» frå , den 12. mai 2026.

Bakgrunnsstoff

Prindsessen paa Ærten. Dansk tekst ved Det Kgl. Bibliotek. Prinsessa på erta ved nynorsksenteret.no

Kategori:Eventyr av H.C. Andersen