Phoenicoparrus er ei biologisk slekt i flamingofamilien, Phoenicopteridae. Ho vart oppretta av Charles Lucien Bonaparte i 1856 og omfattar to artar som begge lever i grunne saltsjøar og andre våte område, særleg på og rundt Altiplano i sentrale Andes i Sør-Amerika.
Skildring mini|Nebbutforming. Andesflamingo (øvst) og punaflamingo (nedst) Slekta skil seg frå andre flamingogrupper ved at ho høyrer til gruppa med djupt kjølforma nebb, samstundes som begge artane manglar baktå.
Det djupe, kjølforma nebbet åt desse artane er særleg tilpassa filtrering av næring frå vatn og slam i saltrike innsjøar, som er det typiske leveområdet deira. Føda inkluderer i stor grad kiselalgar. Skildaden i nebbforma gjev punaflamingoen eit føremon i å ta dei minste algane, under ca. 60 µm. Andesflamingoen et vanlegvis kiselalgar i området 61-120 µm. Han tar òg krepsdyrlarvar og insekt, mens punaflamingoen får i seg organisk materiale og bakteriar. Begge artane matar ungane sine med krosekret gjennom dei første 4–7 levevekene til ungane. Sekretet inneheld meir feitt enn protein, men òg noko karbohydrat.
Artane finst i våte, høgtliggande område i Andes, Sør-Amerika, mellom anna i nordlege Chile, sørlege Peru, Bolivia og i Argentina.
Åtferd Phoenicoparrus-flamingoar brukar mesteparten av tida til næringssøk, men òg til rørsler, hekking og fjørstell. Dei er nomadiske og vel ofte leveområde etter tilgang på mat og eigenskapane til vassmassane.
Menneskeleg aktivitet som gruvedrift, ulovleg jakt og eggsanking påverkar både førekomst og åtferd hos fuglane. Slike aktivitetar kan føre til at flamingoane forlèt område eller oppgjev reira sine. Førekomsten varierer òg med vasstanden; fleire fuglar er vanlegvis samla når vassnivået er høgt enn når det er lågt.
Sjølv om andesflamingo og punaflamingo høyrer til same slekta og lever i overlappande område, byggjer dei ofte reira noko skilde frå kvarandre. Begge artane brukar mykje tid på fjørstell og kvile.
Artsoversyn
Medlemmer av Phoenicoparrus i rekkjefølgje etter AviList v2025: med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:
Bilete Norsk namn Vitskapleg namn Kroppslengd og utbreiing Status Utbreiing 120px Andesflamingo Phoenicoparrus andinus, Ca. 99 cm i kroppslengd frå nebbspiss til haletupp, kroppsmasse mellom 1,5 og 4 kg. Høgtliggande Andes i Bolivia inn i sørlege Peru, NE Chile og NW Argentina, til over 4000 moh.(VU)80px120px Punaflamingo Phoenicoparrus jamesi, 0,9-1,1 m i kroppslengd, 2-2,5 kg i gjennomsnittleg kroppsmasse, lever i puna økoregion, opptil 4900 moh.(NT)80px
Status, trugsmål og vern
Punaflamingo er rekna som nær truga, medan andesflamingo er klassifisert som ein sårbar art. Populasjonen av punaflamingo er ca. 100 000 modne individ i følgje teljingar i 2020 og er trudd å vere stabil. Andesflamingo har ikkje sikkert estimat i dag, men bestanden er minkande. Ei teljing i 2010 indikerte over 38 000 individ.
Tidlegare var eggsanking for matauk og sal samt gruvedrift sterkaste trugsmål mot flamingoane, i dag går det føre seg litiumutvinning i saltsjøar som innskrenkar og fragmenterer habitata.
Tiltak for å verne desse artane omfattar mellom anna å førebygge sanking av egg, auke kunnskapen om flamingoane hos folk flest, og koordinere forsking, overvaking og vernetiltak med jamlege teljingar.
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Phoenicoparrus» frå , den 14. mai 2026
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Flamingofamilien Kategori:Fugleslekter