Knut Jacobsen () var ein norsk bankmann og politikar frå Haugesund.
Jacobsen var son til ein kjøpmann og utdanna seg ved handelsgymnas i hovudstaden. 1904–06 arbeidde han i skipsreiarlag, frå 1907 i mange år tilsett i bank. 1918–21 banksjef i Haugesunds Handelsbank, deretter frå 1921 sjef for Bergens Privatbank si avdeling i Haugesund.
Jacobsen engasjerte seg i politikken for Frisinna Venstre. Han var medlem i Haugesund bystyre frå 1916 til 1940, og på ny frå 1945. Åra 1925–26 og perioden 1928–31 var han varaordførar. 1920–23 var han formann i skulestyret i byen. Valperioden 1934–36 sat han på Stortinget, vald frå ein krins som omfatta dei fem kjøpstadene i fylka Vest-Agder og Rogaland. På Tinget var han sekretær i i Kommunalkomiteen.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar for byane i Vest-Agder og Rogaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Lokalpolitikarar i Haugesund Kategori:Høgrepolitikarar i Rogaland Kategori:Lokalpolitikarar frå Frisinnede Venstre Kategori:Norske bankfolk Kategori:Folk frå Haugesund