mini|Trening av ein narkotikahund i den amerikanske marinen. Narkotikahund er ein brukshund som er trent opp til å lukta og markera funn av narkotiske stoff. Slike hundar blir mellom anna nytta av politi, tollvesen og i fengsel.

Fleire ulike hundetypar blir nytta som narkotikahund. Dei har som fellestrekk av dei er energiske og arbeidsvillige, og må passa til jobben mentalt, til dømes ved å kunna ha motivasjon og konsentrasjon og vera trygge i miljøa dei skal verka i. Schæfer, belgisk fårehund og jakthundar som retrieverar, spanielar og beagle er vanlege val.

Narkotikahundar driv med aktiv markering, det vil seia at dei markerer eller skraper med poten på objektet eller gøyr når dei gjer eit funn.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Brukshundar