Hamarkaupangen er namnet som blir brukt om mellomalderbyen Hamar. Han låg på Domkirkeodden på Storhamar, nordvest for bysentrumet i dag. Det er ikkje kjent når byen vart ført opp, men historikarar meiner det hende medan landet vart kristna, frå slutten av vikingtida. Det eldste, pålitelege funnet kjem frå eit myntfunn på Helgelandsmoen i 1892. Myntane kan dagsetjast til kring 1050. På den eine sida står det Haraldr rex, medan på den andre står Olafr á Hamarkaupangr. På den tida var det vanleg at myntane bar namnet til myntmeisteren. I 1152 vart Hamarkaupangen gjord til bispesete av den pavelege sendingen Nikolaus Breakspere, og var det var fram til 1567.

Arkeologiske granskingar I 2024 vart eit område ved domkyrkjeruinane granska med georadar, og resultatet av georadarkøyringa synte ein heil bystruktur med hus og gater.

Kjelder

Denne artikkelen byggjer på «Hamarkaupangen» frå , den 7. juni 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kulturminne i Hamar Kategori:Historie i Hamar