Erkki Olavi Kataja () var ein finsk stavhoppar og politi frå Kuusankoski som i 1948 vann den olympisk sølvmedaljen i stavhopp.
Aktiv Kataja var kjend for å hoppe med huve sjølv i sommarvarmen. I landskampen 1947 mot Sverige i Stockholm sigra han i stavhopp ved å gå over 4,20 meter. Tre år i rad, 1947-49, vart han finsk meister. Midt i juli 1948 sette han finsk rekord då han tok seg over 4,25 m. Fjorten dagar etter kneip han sølvmedaljen ved Sommar-OL 1948 i London, sjølv gjekk han over 4,20 m i fyrste forsøk, konkurrenten Bob Richards frå USA måtte ha to forsøk på høgda og vist til bronseplass.
2. juli 1950 forbetra Kataja den finske stav-rekorden til 4,27 meter i Varkaus. Men ettersom han enda på tredjeplassen i Kaleva-spelen i august, fekk han ikkje representere Finland i EM i friidrett 1950. Derimot deltok han i dei olympiske leikane 1952 på finsk heimegrunn, der han stoppa på 4,10 m og vart nummer 10.
Kjelder
World Athletics Denne artikkelen bygger på «Erkki Kataja» frå , den 20. juni 2026.
Kategori:Finske stavhopparar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Finland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1948 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1948 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1948 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952