Sofia Tjelta Sydness () er ein norsk skodespelar frå Oslo. Ho er kjend for rollene som Sanna Mørch i dramaserien Delete Me, Helena i Midtsommernatt og Kissy i dramaserien LIS frå NRK.
Liv og virke
Sydness er dotter av skodespelarane Pia Tjelta og Kyrre Haugen Sydness. Ho voks opp på Tåsen i Oslo og spelte som tiåring i oppsetjinga Rockeulven ved Nationaltheatret. Ho gjekk ut frå Teaterhøgskolen i juni 2026.
Sydness debuterte som skodespelar i dramaserien Delete Me i 2021, der ho spelte Sanna Mørch. I den andre sesongen vart rolla utvida til ei hovudrolle, noko som førte til ein gullrutenominasjon.
I 2024 spelte ho Helena i Netflix-serien Midtsommernatt, som vart ein internasjonal suksess kort tid etter premieren.
I 2026 hadde ho rolla som Kissy i dramaserien LIS frå NRK. Serien fekk den beste opninga for ein dramaserie i NRK TV nokon gong, med unntak av julekalendrar.
Same året vart Sydness vald ut til European Shooting Stars under Berlinalen, som den einaste nordiske skodespelaren blant dei ti deltakarane.
Filmografi
2021–2023: Delete Me – Sanna Mørch 2022: Rådebank – Runa 2022: Ida tar ansvar – Siri 2024: Midtsommernatt – Helena 2026: LIS – Kissy
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «:nb:Sofia Tjelta» frå , den 26. juni 2026.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Fødde i 2001