Taisto Armas Mäki () var ein finsk langdistanseløpar og seljar. Han vart europameister på 5 000 meter i 1938. Året etter vart han fyrstemann som sprang 10 000 meter på under 30 minutt.

Aktiv Mäki var frå Rekola i kommunen Vantaa. Han vart finsk meister på 5 000 meter i 1934 og 1937, men stod før 1938 mykje i skuggen av sigerrike landsmenn. I september 1938 vann han gullmedaljen på 5 000 meter under europameisterskapen i Paris på tida 14.26,8, og viste svensken Henry Jonsson og sin eigen landsmann Kauko Pekuri til andre- og tredjeplass. Den 29. september, få veker etter triumfen i Paris, forbetra Mäki verdsrekorden på 10 000 meter til 30.02,0, over tre sekund betre enn Ilmari Salminen sin gamle rekord.

Sommaren 1939 sette Mäki fleire verdsrekordar. 7. juni senka han verdsrekorden på 2 miles med nesten 3 sekund til 8.53,2 i Helsinki. Ni dagar seinare og på same bana forbetra han Lauri Lehtinen sin verdsrekord på 5 000 meter med over åtte sekund. Rekorden på 14.08,8 stod i tre år. Den 17. september forbetra han sin eigen verdsrekord på 10 000 m til 29.52,6 og vart dermed den fyrste som gjennomførte eit milløp på under halvtimen. Både i 1939 og 1940 vart han finsk meister på 10 000 meter.

Vinterkrigen mellom Finland og Sovjetunionen braut ut 30. november 1939. Til liks med mange av sine friidrettskameratar, mellom dei Gunnar Höckert og Lauri Lehtinen, var Mäki fyrst utplassert på Det karelske neset. I februar 1940 vart han og Paavo Nurmi sende til USA for å samle inn pengar til det finske hjelpefondet. Under turnéen, som varte i to månader og kulminerte med ei opptreden framom 14 000 menneske i Madison Square Garden, konkurrerte dei to finnane mot handplukka USA-amerikanske utøvarar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Taisto Mäki (juoksija)» frå , den 1. juli 2026.

World Athletics

Kategori:Finske langdistanseløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Finland