Henrik Sødal () var ein norsk skulemann frå Hemne i Sør-Trøndelag.
Sødal tok eksamen ved Notodden lærarskule i 1920. Dei neste seks åra var han overlærar på lærarskulen i Nesna. 1926-29 underviste han på fylkesskule i Vestfold, 1929-36 i Bærum. Sidan var han skuleinspektør frå 1936 i Kristiansand, 1946 i Tønsberg og 1949 i Bærum.
Sødal var frå 1957 formann i Noregs Lærarlag si skulehistorienemnd. Han skreiv og gav ut fleire bøker med vidt ulike emne.
I 1969 vart han utnemnd til heiderslem i Noregs Mållag.
Kjelder Norsk Allkunnebok. X. Bandet. 1966.
Kategori:Norske skulefolk Kategori:Folk frå Hemne Kategori:Folk frå Bærum