Janusz Tadeusz Kusociński () var ein polsk friidrettsutøvar som i 1932 vart olympisk meister på 10 000 meter. Han vart avretta av tyske okkupantar under andre verdskrigen som ein del av AB Aktion.

Liv Kusociński byrja trene friidrett i 1928. I sin debut ved eit polsk meisterskap overraska han ved å vinne både 5 000 meter og i terrengløp. Etter eit års verneplikt i den polske hæren, kom han tilbake i 1930 og triumferte på 1500 meter, 5 000 meter og terrengløp i den nasjonale meisterskapen. Nett same sigersrekka kopierte han i 1931, medan han i 1932 vart polsk meister på 800 meter.

Den 19. juni 1932 i Antwerpen sprang Kusociński 3 000 meter på 8.18,8 og sletta dermed Paavo Nurmi sin seks år gamle verdsrekord. I Los Angeles seks veker seinare deltok Kusociński på 10 000 meter. Etter eit spennande løp mot finnane Volmari Iso-Hollo og Lasse Virtanen, vart Kusociński olympisk meister på ny verdsrekord: 30.11,4.

Under EM i friidrett 1934 i Torino, den fyrste i sitt slag, tevla Kusociński på 1500 m og 5 000 m. Etter ein femteplass på 1500 m, vann han sølvmedaljen på 5 000 meter to dagar seinare. Etter nokre års fråvere, kom han tilbake i 1939 og vart polsk meister på 10 000 meter.

Då tyske Wehrmacht invaderte Polen i september 1939, melde Kusociński seg frivillig til den polske hæren. I kampane om Warszawa vart han såra to gongar. Under den tyske okkupasjonen arbeidde han som kelner, men var òg aktiv i motstandsrørsla. Den 26. mars 1940 vart han arrestert av Gestapo. I varetekt vart han torturert. Tre månader etter arrestasjonen vart han avretta ved Palmiry, som ein del av okkupanten sin AB Aktion.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Janusz Kusociński» frå , den 16. juli 2026.

World Athletics

Kategori:Langdistanseløparar Kategori:Polske friidrettsutøvarar Kategori:Olympiske meistrar for Polen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1932 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 1932 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1932 Kategori:Folk frå Warszawa