David Gjerme () var ein bladstyrar og politikar frå Voss.

Frå 1913 til -16 var Gjerme forretningsførar i avisa Hordaland. Sidan var han fram til 1922 redaktør i Firda Folkeblad i Florø, og deretter i førnemnde Hordaland til 1969. Perioden 1923–32 redigerte han i tillegg bladet Unglyden.

Gjerme var aktiv i den frilynde rørsla, og i fråhaldsorganisasjonen IOGT. Politisk sokna han til Venstre, var medlem 1928–31 og 1947–63 i Voss heradsstyre. Bolken 1952–57 var han varaordførar, og etter Lars Leiro fekk stortingsplass, i 1958 og 1959 ordførar i Voss.

Gjerme vart i 1969 utnemnd til heiderslem i Noregs Mållag.

Kjelder Norsk Allkunnebok. V. Bandet. 1954.

Kategori:Norske redaktørar Kategori:Ordførarar i Voss Kategori:Venstreordførarar i Hordaland Kategori:Folk frå Voss