Gregory Curtis Bell () var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå delstaten Indiana som i 1956 vart olympisk meister i lengdehopp.

Aktiv I oktober 1956 hoppa Bell heile 8,10 meter heime i USA, einast 3 centimeter kortare enn den legendariske verdsrekorden til Jesse Owens frå 1935. Seks veker seinare sette Bell olympisk rekord med 7,83 m og sikra seg gullmedaljen under Sommar-OL 1956 i Melbourne. Han slo sølvmedaljøren John Bennett med 15 cm.

Alle åra frå 1956 til 1959 stod Bell for årsbeste lengdehopp i verda. I 1957 landa han på 8,10 m i Austin, i 1958 8,00 m og i 1959 på 8,10 m i Philadelphia. Under dei panamerikanske leikane 1959 i Chicago vart han med 7,60 m klart slått av Irvin Roberson som hoppa 7,97 m.

Kjelder

World Athletics

Denne artikkelen bygger på «Greg Bell (long jumper)» frå , den 20. juli 2026.

Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1956 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956 Kategori:Lengdehopparar frå USA