Jim Ryun, fullt namn James Ronald Ryun, () er ein USA-amerikansk politikar og friidrettsutøvar frå Wichita i Kansas. Han var frå 1996 til 2007 medlem i Representanthuset, vald for det republikanske partiet. Frå 1967 til 1974 var han verdsrekordhaldar på 1500 meter.

Virke Idrett I 1964 deltok Ryun i Sommar-OL i Tokyo, der han vart slått ut i semifinalen på 1500 meter. 23. juni 1967 sletta han verdsrekorden på 1500 meter ved den nasjonale meisterskapen i Bakersfield. Tida 3.33,1 var ei forbetring på heile 2,5 sekund i den sju år gamle rekorden til australske Herb Elliott. Ryun sin rekord stod til februar 1974.

Under dei olympiske leikane i Mexico-byen i oktober 1968 var Ryun den store favoritten på 1500 m. Her vart han overrumpla av kenyanaren Kipchoge Keino som la i veg eit tempo ingen andre feltet fylgde. Han fekk eit forsprang på over 50 meter til dei andre løparane. Til sist tok Ryun opp jakta, men Keino vann suverent på personbeste 3.34,9 og slo sølvmedaljør Ryun med 2,9 sekund.

Fire år seinare var Ryun ikkje mellom dei store favorittane då Sommar-OL 1972 vart avvikla i München. Han fall i forsøket på 1500 meter, og rauk ut or tevlinga.

Politikk Etter fullførte studiar var Ryun forretningsmann. I 1996 vann han eit suppleringsval til USA sitt representanthus frå delstaten Kansas. Gjennom fleire attval representerte han delstaten frå 27. november 1996 til 3. januar 2007. Hausten 2006 stilte han til attval, eit val der motkandidaten frå det demokratisk partiet fekk 51 prosent av røystene. Rådgjevarfirmaet 'National Journal' rekna Ryun som den mest konservative medlemen i den nasjonale kongressen. Han var med i ei samanslutning av 103 konservative parlamentsmedlemer vedkomande finans- og sosialpolitikk. Og elles lite oppteken av miljøspørsmål.

Kjelder

World Athletics Denne artikkelen bygger på «Jim Ryun» frå , den 23. juli 2026.

Kategori:Mellomdistanseløparar frå USA Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1968 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:USA-amerikanske politikarar Kategori:Folk frå Kansas