Peter Rosegger () var ein folkekjær austerriksk forfattar og poet.
Rosegger voks opp på landsbygda i Steiermark. Han fekk lite skulegang, og fordi han var helseveik, vart han sett i lære hos ein skreddar. På eigenhand gjorde han seg kjent med litteraturen, og byrja å skrive tekster som vart trykt i ei avis i Graz. Framhjelpt av ein rik fabrikkeigar og vidare studiar, tok han til å skrive forteljingar, romanar og poesi.
Rosenegger var ein produktiv skribent. Frå 1870 kom det dei neste fire tiåra ut eit femtitals forteljingar og romanar frå hans penn. Meir enn ti av hans verk er filmatiserte. Rosegger er framleis godt kjend i heimlandet, særleg i Steiermark.
1911, 1913 og 1918 var Rosegger nominert til Nobelprisen i litteratur. Særleg nær ved å få prisen skal han ha vore i 1913.
Frå 1884 av kom meir enn ti av Rosegger sine forteljingar ut på norsk. Mellom dei er Presten Høllbart, omsett av Rasmus Løland og utgjeven av Det norske Samlaget i 1906.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Peter Rosegger» frå , den 31. juli 2026.
Die norwegischen Übersetzungen deutscher Schönlitteratur 1814–1941. Gunnar Stenersen Forlag. Oslo 1942.
Kategori:Austerrikske forfattarar Kategori:Tyskspråklege forfattarar Kategori:Forfattarar frå 1800-talet Kategori:Forfattarar frå 1900-talet