Noëmi Simonetto de Portela () var ein idrettsutøver frå Buenos Aires som i 1948 vann den olympiske sølvmedaljen i lengdehopp.
Aktiv Åra frå 1941-47 vann Simonetto elleve gullmedaljar i friidrett ved søramerikanske meisterskap; det vere seg i lengdehopp, 100 meter, 80 meter hekk og 4 x 100 meter stafett.
Under dei olympiske leikane i London i 1948 vart Simonetto slått ut i forsøka på 100 meter og i semifinalane i 80 meter hekk. Derimot tok ho seg til finale i lengdehopp, og med eit hopp på 5,60 meter sikra ho seg sølvmedaljen i tevlinga. Olga Gyarmati frå Ungarn vann på 5,69 m.
Pr 2026 er Simonetto den einaste argentinske friidrettsutøvaren som har vunne ein olympisk medalje.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Noëmi Simonetto de Portela» frå , den 2. august 2026.
World Athletics
Kategori:Argentinske idrettsutøvarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Argentina Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1948 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1948