Neotinea ustulata ssp. aestivalis er ei plante i krutbrennarslekta Neotinea i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Ho finst ikkje i Noreg.

Systematikk Arten krutbrennar har to økotypar som skil seg frå kvarandre i storleik og blømingstid. Dei er aksepterte som varietetar av Plants of the World Online og WFO – The World Flora Online og er båe kjende frå Danmark og Storbritannia, men i Polen har dei status som underartar.

Utbreiing I Danmark har arten krutbrennar vore kjend frå ein funnstad nord på Jylland. Han er rekna som kritisk truga (CR) og blømer ikkje årvisst. Arten veks spreidd i England og Wales, og er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet. og har status som sterkt truga (EN). Varieteten var. aestivalis er registrert i desse landa, men er ikkje raudlistevurdert separat.

I Polen (polsk namn storczyk drobnokwiatowy późny) blir underarten rekna som kritisk truga (CR, krytycznie zagrożony).

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Orkidear i Danmark Kategori:Orkidear i Storbritannia Kategori:Orkidear i Polen Kategori:Vårmarihandslekta