mini|portrett=1.5|Kart som viser regionar (kraje) i Slovakia Regionar (slovakisk kraj, fleirtal kraje) er ei administrativ inndeling av Slovakia. Landet er delt inn i 8 regionar som igjen er delte inn i 79 distrikt (slovakisk okres, fleirtal okresy). Regionane ligg på NUTS 3-nivå i EU-statistikk. Kvar region har namn etter hovudsetet i regionen.

Ordet región på slovakisk kan vise til regionar i Slovakia som ikkje nødvendigvis følgjer dei same grensene som dei administrative regionane, til dømes tradisjonelle regionar eller turistregionar.

Historikk Historisk har Slovakia vore oppdelt i fylke (slovakisk župy eller stolice). Den noverande inndelinga i regionar stammar frå 1948. Talet på regioner har variert, og mellom 1990 og 1996 var regionsnivået avskaffa før det blei innført på nytt gjennom Lov av 24.07.1996 nr. 221/1996 om territoriell og administrativ organisering av Republikken Slovakia.

Frå 2002 er landet òg delt inn i 8 sjølvstyrande regionar (samosprávne kraje) som territorielt fell saman med dei administrative regionane. Skilnaden er at dei sjølvstyrande regionane er baserte på lokalstyre og valde representantar, medan dei administrative regionane er styrde av staten, om lag som skiljet i Noreg mellom fylkeskommune og fylke.

Regionane Banská Bystrica (Banskobystrický kraj) (senter Banská Bystrica) Bratislava (Bratislavský kraj) (senter Bratislava) Košice (Košický kraj) (senter Košice) Nitra (Nitriansky kraj) (senter Nitra) Prešov (Prešovský kraj) (senter Prešov) Trenčín (Trenčiansky kraj) (senter Trenčín) Trnava (Trnavský kraj) (senter Trnava) Žilina (Žilinský kraj) (senter Žilina)

Kjelder

Delar av denne artikkelen byggjer på «Slovakias regioner» frå , den 6. august 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Administrative inndelingar i Slovakia

Slovakia