mini|Vangsteinen er ein runestein i ringerikestil som står utanfor Valdres kyrkje i Valdres. mini|Söderalafløya er ei skipsfløy datert til kring år 1050 som er rikt dekorert med gjennombroten dyreornamentikk i ringerikestil. Ringerikestil eller ringeriksstil er ein kunst- og kunsthandverksstil som oppstod i Norden i den yngre vikingtida, eller i tida rundt 1000-1050. Stilen har namn etter dyre- og planteornamentikk på runesteinar frå Ringerike i Noreg, men stilarten kan ikkje hevdast å vera typisk for Ringerike, men snarare for tidsrommet. At steinane kjem frå Ringerike veit ein fordi sjølve steinen er laga av ringerikssandstein. Ringerikestilen er ei vidareutvikling av den føregåande stilfasen i norrøn kunst, jellingstilen.
Karakteristisk for stilen er at motivet, som ofte krinsar rundt eit stort dyr, er kransa av uttrekte vimplar med innrulla spiss eller bladflik og med spiralar med samanføygde element. Dei vanlegaste motiva er løver, fuglar, snorforma dyr og spiralar. Nokre element verker å opptre for fyrste gong i nordisk kunst, som ulike former av krossar, palmettar og stongforma løkker som bind saman to motiv til eitt. Dei fleste motiv har motstykke i angelsaksisk og germansk kunst under Otto den store.
Dyreornamentikken i norrøn tid, eller vikingtida, blir kategorisert som osebergstil, borrestil, jellingstil, mammenstil, ringerikestil og urnesstil. Ringerike blei fyrst oppdaga på runsteinar som var brotne på Ringerike, blant anna Alstadsteinen (ein runestein som blei funnen på garden Nedre Alstad i Østre Toten, men både Ulvøya i Steinsfjorden og Ringerike er nemnde i teksten) og truleg òg Dynnasteinen (ein runestein som blei funnen på Nordre Dynna i Gran kommune på Hadeland og er av same type raud sandstein som er typisk for Ringerike). Eit kjent døme er frå Söderala i Hälsingland i Sverige.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ringeriksstil» frå , den 13. august 2026. oppgav desse kjeldene: Fuglesang, S.H. (1980): Some Aspects of the Ringerike Style.
Kategori:Kultur i Ringerike Kategori:Historie i Ringerike Kategori:Norrøn kunst