Doris Day (fødd Doris Mary Ann Kappelhoff, ) var ein amerikansk skodespelar, popsongar og dyrevernar.

Liv og virke

Bakgrunn Doris Mary Ann Kappelhoffhttp://www.sueddeutsche.de/panorama/doris-day-im-rampenlicht-1.106679 var det tredje barnet til musikklæraren William Kappelhoffs (1892-1967) og kona hans Alma Sophia Welz (1895-1976). Begge foreldra var born av tyske innvandrar som begge var fødde i Cincinnati.Vorfahren von Doris Day (mit Quellennachweisen zu ihren Eltern und Großeltern).

Karriere Doris Day blei songar etter ei bilulukke i 1937. Før dette hadde ho vore dansar, men blei tvinga til å endra karrieren. Ho song med ulike storband, og ein av storbandleiarane ho arbeidde med foreslo at ho skulle endra etternamnet sitt til Day etter songen «Day after Day», som var ein del av repertoaret hennar.

Med Les Browns orkester hadde Day suksess med ei rekkje songar, og ho oppnådde blant anna førsteplass på dei amerikanske hitlistene med songen «Sentimental Journey». Seinare fekk ho fleire førsteplasser med sine eigne songar. Dette var blant anna songen frå filmen Mannen som visste for meget, der ho òg hadde ei rolle. Denne songen, «Que Sera, Sera (Whatever Will Be, Will Be)», som blei kjenningsmelodien hennar. Melodiane «Que Sera Sera» og «Secret Love» vann Oscarprisen som beste filmmelodiar, medan Doris Day blei Oscar-nominert ein gong for hovudrollen i Kryss på linjen.

Day var gift fire gonger; tre av ekteskapan varte kortere enn fem år. Det lengste ekteskapet hennar var med produsenten Marty Melcher; dei var gifte i 17 år.  Etter at Melcher døydde i 1968 viste det seg at han hadde sløst bort heile formuen hennar og sett henne i stor gjeld. For å bli i stand til å betale gjelda gjekk ho inn i TV-bransjen, og leidde sitt eige program med tittelen Doris Day Show frå 1968 til 1973. Doris Day fekk sitt einaste barn, sonen Terry, med den fyrste ektemannen sin. Då ho seinare gifta seg med Marty Melcher, fekk sonen etternamnet Melcher. Terry Melcher døydde av kreft i 2004, 62 år gamal.

I 1987 grunnla Day ein dyrevenorganisasjon som ho resten av livet brukte mesteparten av tida si på.

I 2004 blei Day tildelt presidentens fridomsmedalje, den fremste sivile utmerkinga i USA, av president George W. Bush. Day var sjølv ikkje til stades ved seremonien på grunn av flyskrekk. Ho har fått to stjerner på Hollywood Walk of Fame.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Doris Day» frå , den 14. august 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Jazzsongarar Kategori:Folk frå Cincinnati Kategori:Tysk-amerikanarar Kategori:Presidentens Fridomsmedalje Kategori:Hollywood Walk of Fame Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:USA-amerikanske songarar