The Final Cut er det 12. studioalbumet av det engelske rockebandet Pink Floyd, gjeve ut 21. mars 1983 i Storbritannia og 2. april i USA via Harvest og Columbia Records. Det består av songar som var att etter det førre Pink Floyd-albumet, The Wall (1979), i lag med nye songar spelte inn gjennom 1982.
The Final Cut var det siste Pink Floyd-albumet med den opphavlege medlemmen Roger Waters, som slutta i 1985. Det er òg det einaste Pink Floyd-albumet utan den opphavlege medlemmen og klaverspelaren Richard Wright, som Waters sparka under innspelinga av The Wall. Innspelinga var plaga av krangling. Gitaristen David Gilmour meinte mange av songane ikkje var gode nok, medan Waters skulda han for å ikkje bidra med materiale sjølv. Trommeslagaren Nick Mason sin bidrag var stort sett avgrensa til lydeffektar.
Waters planla albumet som eit filmmusikkalbum for filmutgåva frå 1982 av The Wall. Då Falklandskrigen braut ut, skreiv han om musikken til eit konseptalbum og utforska det han rekna som sviket mot faren, som døydde under teneste i andre verdskrigen. Waters song solovokal på alle songane utanom ein, og skreiv alle songane sjølv. Det vart laga ein kortfilm til albumet som kom ut same året.
The Final Cut fekk blanda kritikk då det kom, men har i nyare tid blitt sett i eit betre lys. Det selde òg godt og gjekk til topps i Storbritannia og nådde sjetteplassen i USA. Det har seld over to millionar eksemplar.
Bakgrunn The Final Cut var opphavleg planlagt som eit filmmusikkalbum for filmen Pink Floyd – The Wall frå 1982. Under arbeidstittelen Spare Bricks skulle det ha ny musikk eller songar som vart spelt inn på nytt for filmen, slik som «When the Tigers Broke Free». Bassisten, vokaliste og den fremste låtskrivaren Roger Waters planla òg å spele inn nokre nye songar, som fortsette soga på The Wall.
Då Falklandskrigen braut ut, endra Waters meining og skreiv om songane. Han såg svaret til den britiske statsministeren Margaret Thatcher på invasjonen til Argentina av øyane som jingoistisk og unødvendig, og dediserte det nye albumet, som fekk den mellombelse tittelen Requiem for a Post-War Dream—til faren, Eric Fletcher Waters. Han var fenrik i 8. Royal Fusiliers og døydde under andre verdskrigen i Aprilia i Italia den 18. februar 1944.; for the Commonwealth War Graves Commission entry on Eric Waters see: Waters sa:
Gitaristen David Gilmour mislikte politiseringa til Waters, og den nye kunstnariske retninga førte til mange harde diskusjonar. Fleire spor som ikkje vart nytta på The Wall, inkludert «Your Possible Pasts», «One of the Few», «The Final Cut» og «The Hero's Return», hadde blitt sett til side for Spare Bricks, og sjølv om Pink Floyd ofte hadde brukt opp att songar, meinte Gilmour at desse songane ikkje var gode nok for eit nytt album. Han ønskte å skrive nytt materiale, men Waters var tvilande sidan Gilmour i den seinare tida hadde bidrege med lite ny musikk. Gilmour sa:
Tittelen The Final Cut er ein referanse til William Shakespeare sitt Julius Cæsar: «This was the most unkindest cut of all». «When the Tigers Broke Free» var blitt gjeven ut på singel 26. juli 1982, med «Bring the Boys Back Home» som B-side, og singelen vart merka med «Teken frå albumet The Final Cut» men kom ikkje med på albumet før CD-utgåva frå 2004.
Konsept mini|Britiske fallskjermjegerar vaktar argentinske krigsfangar på Falklandsøyane. Waters sin frustrasjon kring hendingane i Falklandskrigen er tydelege på albumet. The Final Cut er eit antikrigs-konseptalbum som utforskar det Waters rekna som sviket mot falne britiske tenestemenn – som faren – som ofra livet sitt i anda av etterkrigsdraumen. Denne etterkrigsdraumen var det sigeren deira ville føre til i ei meir fredfull verd, der leiarane ikkje lenger var like ivrige til å løyse disputtar med krig. Tekstane på albumet er kritiske til Thatcher. Waters rekna politikken og avgjerslene hennar som eit døme på eit slikt svik. Ho vert omtalt som «Maggie» på heile albumet.
Opningssporet «The Post War Dream» byrjar med ein innspelt annonsering om at erstatninga for «Atlantic Conveyor», eit skip som gjekk tapt i Falklandskrigen, kom til å bli bygd i Japan. Teksten refererer til den døde faren til Waters, tapet av britisk skipsindustri til Japan og Margaret Thatcher, før han går vidare til «Your Possible Pasts», ein omskriven versjon av ein song som ikkje kom med på The Wall. I «One of the Few», ein annan avvist song, er skulelæraren frå The Wall hovudkarakteren, presentert som ein krigshelt som vender attende til det sivile livet. Han klarar ikkje å fortelje om erfaringane sine til kona si, og i «The Hero's Return» vert han pint av tapet av ein i flymannskapet sitt. «The Gunner's Dream» diskuterer etterkrigsdraumen i ei verd fri for tyranni og trugselen om terrorisme (ein referanse til Hyde Park-bombinga). Denne vert etterfølgd av «Paranoid Eyes» der læraren vert alkoholikar.
I den andre halvdelen handlar det om forskjellige krigstema. Medan «Southampton Dock» er ein sørgjesong for krigsheltane som kjem heim og soldatane som dreg ut til ein sannsynleg død, handlar «Not Now John» om korleis samfunnet ignorerer politiske og økonomiske problem. «Get Your Filthy Hands Off My Desert» handlar om kva Waters tenkjer om krig og invasjon, og «The Fletcher Memorial Home» (der tittelen er ein referanse til faren til Waters) omhandlar ein fantasifull bruk av «den endelege løysinga» for ei samling av politiske leiarar som Leonid Brezjnev, Menachem Begin og Margaret Thatcher. Tittelsporet på albumet omhandlar etterverknaden av isolasjonen og den seksuelle undertrykkinga til ein mann, medan han tenkjer på å ta sjølvmord og kjempar med å få kontakt med omverda att. Albumet vert avslutta med «Two Suns in the Sunset», som skildrar starten på ein atomkrig: det ultimate resultatet av ei verd besett av krig og kontroll.
Innspeling Den amerikanske komponisten Michael Kamen, som hadde arbeidd på The Wall, var medprodusent og hadde ansvar for orkesterarrangementa, i tillegg til å mekle mellom Waters og Gilmour. Han erstatta òg klaverspelaren Richard Wright, som fekk sparken frå bandet under innspelinga av The Wall. James Guthrie var lydteknikar og medprodusent, medan trommespelinga til Mason vart utfylt av Ray Cooper på perkusjon; og då Mason ikkje klarte å spele dei komplekse taktendringane på «Two Suns in the Sunset», vart han erstatta av Andy Newmark. Mason meinte òg at dei mange repetisjonane av «Maggie, what have we done» burde vore instrumentale, og ikkje sungne. Raphael Ravenscroft spelte saksofon. Innspelinga fann stad andre halvdelen av 1982 i åtte forskjellige studio, inkludert heimestudioet til Gilmour i Hookend Manor og Waters sitt Billiard Room Studios i East Sheen. Dei andre stadane var Mayfair Studios, Olympic Studios, Abbey Road Studios, Eel Pie Studios, Audio International og RAK Studios.
Kranglinga byrja etter kort tid, og sjølv om Waters og Gilmour først arbeidde saman, og spelte videospelet Donkey Kong når dei hadde ledig tid, valde dei til slutt å arbeide kvar for seg. Lydteknikaren Andy Jackson arbeidde med Waters på vokal og Guthrie arbeidde med Gilmour på gitar. Dei møttest stundom for å diskutere arbeidet dei hadde gjort til då, og sjølv om denne metoden i seg sjølv ikkje var unik, byrja Gilmour å kjenne seg anstrengt, og klarte stundom berre så vidt å halde fatninga. Kamen kjende på presset òg. Waters hadde aldri vore veldig trygg på seg sjølv som vokalist, og ved eit høve, etter fleire forsøk, la Waters merke til at Kamen skreiv i notisblokka si. Han vart rasande og kravde å få sjå kva Kamen gjorde, berre for å sjå at Kamen hadde skrive «I Must Not Fuck Sheep» om att og om att.
Som tidlegare Pink Floyd-album, vart det nytta lydeffektar på The Final Cut kombinert med den nyaste lydteknologien. Mason sine bidrag var stort sett berre å spele inn lydeffektar for det eksperimentelle Holophonic-systemet, ein lydprosesseringsteknikk som vart nytta for å gje ein forsterka tredimensjonal effekt til innspelingane. The Final Cut var det andre albumet som nokon sinne brukte denne teknologien. Teknikken er nytta på «Get Your Filthy Hands Off My Desert» og skapar ein lyd av ein eksplosjon som omringar lyttaren. Lydeffektar frå tidlegare Floyd-album vart òg nytta: vinden frå Meddle vart nytta om att og delar av The Dark Side of the Moon, Wish You Were Here, Animals og The Wall.
Etter månader med dårlege forhold og ein endeleg konfrontasjon, vart Gilmour fjerna frå lista som produsent, men vart likevel betalt produsenthonorar. Waters sa han òg var under mykje press og at han tidleg i produksjonen byrja å tvile på om han nokon gong kom til å spele inn musikk att med Gilmour og Mason. Han kan ha trua med å gje ut albumet som eit soloalbum, men sidan Pink Floyd hadde kontrakt med EMI var dette usannsynleg. Mason heldt seg på avstand og sleit med ekteskapsproblem.
I eit intervju i juni 1987 sa Waters:
Plateomslag mini|Valmuer er eit tema som går att på omslaget. Storm Thorgerson, som var med å skipe Hipgnosis, designerar som hadde laga dei fleste Pink Floyd-omslaga til då, vart ikkje nytta som designer på albumet. I staden gjorde Waters det sjølv, ved hjelp av fotografi som svogeren Willie Christie hadde teke. På framsida kan ein sjå ein minnevalmue og fire medaljeband frå andre verdskrigen mot det svarte stoffet på ein jakke eller blazer.
Valmuen går att i designet. På innsida av omslaget er det tre fotografi. Det førte syner ei utstrekt hand som held tre valmuar og i bakgrunnen ein soldat med ryggen til kamera. To andre fotografi syner ein sveisar som arbeider der det japanske flagget er teikna på maska hans og ein atombombeeksplosjon, som refererer til «Two Suns in the Sunset». Teksten er trykte i omslaget. Side ein av vinylplata har eit bilete av ei valmueeng og på side to ligg ein soldat med kniv med andletet ned i valmuene med ein hund ved sidan av seg. På baksida er eit fotografi av ein soldatar om står og held ein filmboks med ein kniv i ryggen. Dette kan syne til det dårlege forholdet mellom Waters og filmregissøren på The Wall, Alan Parker.
Utgjeving Albumet kom ut samstundes med ein kortfilm, som òg var kalla The Final Cut. Filmen består av fire songar frå albumet: «The Gunner's Dream», «The Final Cut», «The Fletcher Memorial Home» og «Not Now John». Han var produsert av Waters og regissert av svogeren Willie Christie, der Waters snakkar med ein psykiater kalla A. Parker-Marshall. Alex McAvoy, som spelte læraren i Pink Floyd – The Wall, er med i kortfilmen.
The Final Cut kom ut i Storbritannia 21. mars 1983 og i USA den 2. april. Albumet gjekk til topps på den britiske albumlista, som var høgare på lista enn både The Dark Side of the Moon og The Wall. Albumet selde ikkje like godt i Amerika og nådde sjetteplassen Billboard-lista. «Not Now John» vart gjeven ut på singel og nådde topp 30 i Storbritannia, men refrenget med «Fuck all that» vart sensurert til «Stuff all that».
The Final Cut kom ut på CD i 1983. Ei ommastra utgåve kom ut på CD i 2004 med ein ekstra song, «When the Tigers Broke Free», som ikkje var gjeven ut før. I 2007 vart ei ommastra utgåve gjeve ut som ein del av plateboksen Oh, by the Way, innpakka i ei miniatyrutgåve av det originale dobbeltfalsa LP-omslaget.
Med over ein million selde eksemplar i USA vart plata sertifisert til platinaplate i mai 1983. Det hadde oppnådd dobbel platinastatus i 1997. The Final Cut vart det Pink Floyd-albumet som selde dårlegast i USA og verda sidan Meddle. Gilmour hevda at dette synte at han hadde rett når han sa at materialet var svakt. Waters svarte:
Mottaking