William Gordon Burn Murdoch () var ein skotsk målar, reiseforfattar og utforskar. Murdoch reiste mykje, inkludert i India og både i Arktis og Antarktis. Han skal å ha vore den fyrste personen som spelte sekkepipe i Antarktis. Han gav ut fleire reisebøker, og var ein dyktig kunstnar. Cape Murdoch i Sør-Orknøyane er oppkalla etter han.
Liv Burn Murdoch blei fødd i Edinburgh som son av Jessie Cecilia (fødd Mack) og dr. William Burn-Murdoch. Far hans var den fyrste som tok namnet Burn-Murdoch, men sonen brukte ikkje bindestreken. Den eldte broren hans John Burn-Murdoch, gjekk inn i militæret og blei kommanderande ingeniør for den statlege jernbanen i India.H. M. Vibart, 'Murdoch, John Burn- (1852–1909)', rev. James Lunt, Oxford Dictionary of National Biography, Oxford University Press, 2004; online edn, Sept 2011 accessed 4 Dec 2013
Burn Murdoch studerte juss ved Edinburgh Universitet. Då han gjekk ut frå universitetet bytta han fagfelt for å studera kunst i Antwerpen og Paris.
Burn Murdoch var nært knytt til Patrick Geddes si skotske kulturelle Fin de Siècle-gjenoppbygging. Han og symbolisten John Duncan kuraterte kunstinnehaldet til fleire Summer Meetings, som Geddes organiserte ved University Hall Extension i Edinburgh på 1880- og 1890-talet.John Kemplay (2009), The Paintings of John Duncan: A Scottish Symbolist, Pomegranate, p. 17 Burn Murdoch bidrog med illustrasjonar til vår-, sommar- og vinterbanda av The Evergreen: A Northern Seasonal som blei gjeven ut av Patrick Geddes and Colleagues mellom 1895 og 1897.The Evergreen: A Northern Seasonal:The Book of Summer, Patrick Geddes and Colleagues, Edinburgh (1896)The Evergreen: A Northern Seasonal:The Book of Summer, Patrick Geddes and Colleagues, Edinburgh (1896)The Evergreen: A Northern Seasonal:The Book of Winter, Patrick Geddes and Colleagues, Edinburgh (1896) Han var òg involvert i Geddes sin plan om å laga eit veggmåleri rundt Castlehill Water Reservoir. Han skapte eit banner som var 1,4 meter langt og viste prominente figurar frå skotsk historie. Veggmåleriet blei aldri laga, men dei ti litografia frå designet hans blei selde."Showing the Succession of Scottish Kings and the Principal Figures of their Reigns, from the Time of Duncan and Macbeth, in their Proper Arms and Costumes", W.G. Burn Murdoch, Arcadja.com, retrieved 3 December 2013 mini|Dundee Antarctic Whaling Expedition 1892. mini|«There's no place like home» av William Gordon Burn Murdoch Den fyrste store ekspedisjonen til Burn Murdoch var i 1892, då han blei med på ein undersøkjande kvalfangstekspedisjon frå Dundee til Antarktis. Han var assistent for William Speirs Bruce, ein medisinstudent med interesse for oseanografi. Burn Murdoch, som var kjend som «WG» blant venene sine, nytta dette høvet til å laga måleri frå reisa deira og han hadde ei kontrakt til å lage ein bok.Voyage of the Balaena, Glasgow Digital Library, retrieved 3 December 2013 Med desse og notata sine skreiv han boka Edinburgh to the Antarctic, som blei gjeven ut av Longmans i 1894. Det blei sagt at han var den fyrste «residerande kunstnaren» i Antarktis.William Gordon Burn Murdoch, Geoff Swinney, National Museums Scotland, retrieved 3 December 2013 Burn Murdoch hadde blanda kjensler om reisa. Ekspedisjonen hadde gått til Falklandøyane og Ross Island, og hadde funne og namngjeve Dundee Island, men den vitskapelege rolla han skulle hjelpa til med var underkjent, og både han og Bruce hadde vore tvinga til å hjelpa til med å drepa 5000 selar som var det einaste håpet til ekspedisjonen om kommersiell suksess sidan dei hadde ikkje funne nokon kommersiell kval. Trass i denne motgangen, og at tennene hans løysna av skjørbuk, fekk han ei forkjærleik for polarforsking.Voyage of the Balaena, Glasgow Digital Library, retrieved 3 December 2013
Burn Murdoch heldt fram vennskapen sin med William Spiers Bruce, som han hadde møtt på universitetet. Han hjelpte han med å låna pengar og seinare med å organisera ei rekkje prosjekt, inkludert den skotske nasjonale Scotia-ekspedisjonen i 1902-04. Under denne ekspedisjonen gjekk Bruce ut på Laurie Island i Sør-Orknøyane. Cape Burn Murdoch på denne øya er oppkalla etter han.William Gordon Burn Mudoch, scottish-places.info, retrieved 3 December 2013 Dei to var seinare involverte i eit føretak som hadde til hensikt å utnytte Spitzbergen kommersielt.
I 1905 reiste han med prinsen og prinsessa av Wales på statsbesøket deira til India, og brukte reisa som grunnlag for ei bok om reisene sine i India og Burma. I 1906 blei han medlem av Royal Scottish Geographical Society, som han blei verande eit aktivt medlem av. Laget eig ei samling av verka hans, inkludert eit stort oljemåleri i styrerommet.
Etter ein del kommersiell kvalfangst gav han ut boka Modern whaling and bear hunting i 1917, som han igjen illustrerte og som skildra interessa hans for isbjørnar. Royal Scottish Geographical Society har humoristiske teikningar han skapte som viser isbjørn. Ei av skissene hans av ein isbjørn blei brukt som julekort av RSGS. Burn Murdoch fanga òg isbjørnar, og skjenka ein ung isbjørn til Zoological Society of Scotland.
Burn Murdoch døydde i Edinburgh i 1939. Han og kona hans hadde budd i Arthur Lodge, der dei hadde besøk av folk som Roald Amundsen og Robert Falcon Scott. Burn Murdoch var ein ivrig musikar og kunstnar, og han hevda å ha vore den fyrste personen som spelte på sekkepipe i Antarktis.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «William Gordon Burn Murdoch» frå , den 19. august 2026.
Kategori:Elevar ved University of Edinburgh Kategori:Skotske målarar