Sara Stockflet Christie () var ein norsk skulestyrar og politikar for Høgre. Ho var vararepresentant til Stortinget frå 1916 til 1924, og møtte fast som vara for statsråd Odd Klingenberg i åra 1923–1924. Ho var òg den første leiaren av Høyrekvinners Landsforbund.

Liv og virke Ho voks opp i Trondheim som dotter av politimeister og seinare byskrivar Edvard Christie og kona hans Anne Sophie Knagenhjelm. Farfaren var Edvard Christie, sokneprest i Slidre i Valdres og i Nes på Romerike, og morfaren var Niels Joachim Knagenhjelm III, løytnant, godseigar på Kaupanger setegard og ordførar i Sogndal.

Ho gjekk i ein jenteklasse ved Trondhjems Borgerlige Realskole. Ho tok lærarinneeksamen for folkeskulen i 1879, og gjorde dei følgjande åra ei rekkje studiereiser i europeiske land, der ho studerte språk, litteratur, teikneundervisning og undervisningsmetodar. Frå 1879 var ho lærarinne ved Thora Storms pikeskole i Trondheim, og overtok i 1894 skulen, som fekk namnet Frk. Christies skole og vart flytta til Kjøpmannsgata 24 (Lorckgården), som ho kjøpte av H.F. Klingenberg. I 1897 fekk den tiårige jenteskulen òg rett til å halda middelskuleeksamen. Christie avslutta skuledrifta i 1917.

Christie var medlem av Trondheim bystyre 1908–1919, frå 1911 som medlem av formannskapet. Christie var vararepresentant for Sem Sæland og Alfred Getz frå Bakklandet krins i Trondhjem og Levanger kjøpstader i periodane 1916–1918 og 1919–1921, deretter 1. vararepresentant frå Trondhjem og Levanger kjøpstader 1922–1924. Christie møtte første gong for Sæland i 1917, som den andre kvinna på Stortinget etter Anna Rogstad. Seinare møtte ho fleire gonger for Getz i universitets- og fagskulekomiteen på Stortinget. Ho møtte fast for statsråd Odd Klingenberg 1923–1924, og sat i kyrkje- og skulekomiteen på Stortinget. Christie var medlem av Høgres sentralstyre 1913–1927 og leidde etableringa av Høyrekvinners Landsforbund, der ho var den første formannen 1925–1927, sjølv om ho ikkje ønskte ein særskild kvinneorganisasjon.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sara Christie» frå , den 24. august 2026.

Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Gravlagde på Vestre gravlund Kategori:Norske rektorar Kategori:Lokalpolitikarar i Trondheim Kategori:Høgrepolitikarar i Sør-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Stortingsrepresentantar for Trondheim og Levanger Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre