Nymburk okres er eit distrikt (tsjekkisk okres, fleirtal okresy) i regionen Sentral-Böhmen i Tsjekkia. Det ligg i den austlege delen av regionen og grenser i aust mot Hradec Králové kraj med ei kort grense mot Pardubice kraj i søraust.

Administrativ inndeling Distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, men dei har framleis ein funksjon for aktivitetane til ulike etatar og for statistiske føremål. Det administrative ansvaret til distrikta vart ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP).

Dei administrative områda til kommunar med utvida fullmakter i Nymburk okres:

Nymburk SO Lysá nad Labem SO Poděbrady SO

Folketal i distriktet Folketalet i distriktet i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Nymburk SO 36 414 38 841 40 388 Lysá nad Labem SO 15 889 23 555 30 768 Poděbrady SO 28 849 30 372 31 571 Nymburk okres 81 152 92 768 102 727

Byar i distriktet Tabellen viser bykommunane i distriktet. Bykommunar med utvida fullmakter er utheva. By Folketal 2021 Nymburk 14 797 Poděbrady 14 536 Milovice 12 713 Lysá nad Labem 9 859 Sadská 3 271 Městec Králové 2 794 Rožďalovice 1 698

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Nymburk Nymburk