Helleristingane på Hell er eit felt med helleristingar frå steinalderen på sørvestsida av Steinmohaugen på Hell i Stjørdal i Trøndelag. Ristningane vart oppdaga i 1895 og først skildra av Knut Henrik Lossius frå Trondheim i 1898. Figurane førestiller reinsdyr og høyrer til veideristingane. Det spesielle med feltet er at figurane er skorne inn i den mjuke bergarten – ikkje hogne inn, slik det er vanleg. Bergkunstforskaren Heidrun Stebergløkken daterer feltet til 3800 f.Kr.,Heidrun Stebergløkken. Bergkunstens gestalter, typer og stiler : en metodisk og empirisk tilnærming til veidekunstens konstruksjonsmåter i et midtnorsk perspektiv. Doktoravhandling NTNU, 2016. (pdf) medan andre meiner at feltet kan vere eldre.
Staden og funnet miniatyr|Øvst på bergveggen finst to store reinsdyrfigurar. Ristingsfeltet ligg på den sørvestre sida av Steinmohaugen, med utsyn mot fjorden. Steinmohaugen er ein 63 meter høg bergknaus som stikk opp ved foten av Gjevingåsen. I skaret mellom Gjevingåsen og Steinmohaugen er det i nyare tid etablert eit bustadfelt. Skaret går opp til 40 meter over havet, slik at det må ha vore eit sund her på den tida då ristingane vart skorne inn i berget.Sognnes Det levende berget,1999; side 24, 82 Då ville ristningane på Steinmoholmen ha stått som ei synleg og tydeleg markering for den som kom sjøvegen sørfrå. Helleristingane på Tønsåsen (Lånke I–V) ligg på same måte i terrenget, med det same forholdet mellom ein liten ås og den tidlegare strandlinja.Sognnes Helleristninger i Stjørdal,1999; side 7-11, 40
Feltet består av to delar. Den øvste delen består av to store dyrefigurar og nokre ornament, og vart kjend for ålmenta i 1895. Kjell Brevik: Helleristningene på Hell; «Fortelling», Digitalt museum Han vart første gong skildra av læraren Knut Henrik Lossius frå Trondheim i 1898. Lossius var medlem av Vitenskapsselskapet i Trondheim. I 1907 vart feltet undersøkt av den svenske arkeologen Gustaf Hallström, som påviste dei to øvste dyrefigurane på den nedste delen av feltet.Hallström 1908 Resten av den nedste delen vart oppdaga i 1930 og første gong skildra av arkeologen Theodor Petersen frå Vitskapsmuseet i 1931.Petersen 1931
Ristingsflata er ein nærmast loddrett bergvegg i fyllittskifer. Den øvste delen av feltet er heilt loddrett, medan den nedste halvdelen er litt slakare.Sognnes 1983 Det er eit brot i vinkelen på bergflata på den nedste delen. Ristingsflata ligg på tvers av lagdelinga i den lause skiferen, og den kjende ristningsflata er etter alt å dømme den einaste staden på berget der det er mogleg å riste inn bilete.Gjessing 1936 Professor Gutorm Gjessing meinte òg at ristingsflata kan ha vore større tidlegare, men at delar av henne har forvitra og erodert.
Det er vanleg å omtale feltet som beståande av to delar, dei øvre og dei nedre figurane. Theodor Petersen skreiv likevel i 1931 at «ristningane på Hell fell såleis i tre avdelingar: Den øvre ristingsflata med dei to store reinane og dei geometriske teikningane, dernest dei to mindre reinane på den låge, loddrette avsatsen og endeleg reinane på den framspringande hylla nedanfor.»
Skildring av figurane Den øvste delen av feltet består av to store dyr og eit felt med eit band av geometriske mønster. Dyrefigurane kan artsbestemmast som rein, både ut frå gevirforma og det tydeleg markerte ragget under halsen.Lossius 1898 Dyrefiguren til venstre er 183 cm lang og 83 cm høg over frambeinet. Dyrefiguren til høgre er 166 cm lang og 105 cm høg.
Mønsteret til høgre for dyra består av seks rombeforma figurar fylte med parallelle liner. Feltet er avskala i kanten av dette mønsterfeltet, så det kan ikkje utelukkast at mønsterfeltet opphavleg har vore større.
To meter nedanfor dei største dyra er det ei anna gruppe figurar. Her finst ni dyrefigurar som er mindre enn dei to øvste figurane, på det meste 70 cm lange. Desse figurane er òg enklare og meir skjematisk utførte enn dei store dyrefigurane. Dei minste figurane er berre 17 og 22 cm lange.
Alle dyra er teikna i kontur, og dei ulike delane av kroppsoverflata er delte inn med rette liner.Gro Mandt og Trond Lødøen. Bergkunst : helleristningar i Noreg. Samlaget, 2005. ISBN 9788252162271. Side 101-102 Dei innvendige linene i kroppsoverflata har vorte forsøkte forklarte med at beinkonturane er førte heilt opp gjennom kroppen.
Dei aller fleste helleristingane i Noreg er hogne eller banka inn i berget. Helleristingane her på Hell er eit unntak; dei er skorne inn i berget med ein skarp kniv. Berget her er så mjukt at arbeidet kan ha vore gjort med ein flintkniv. Linene har dermed fått eit heilt triangulært tverrsnitt og er skarpe i botnen. Denne teknikken kan òg vere forklaringa på at linene er stivare, og at dyrekroppane verkar mindre naturalistiske enn ved andre ristingar frå den same perioden. Feltet vart lenge rekna som den einaste helleristinga i Noreg som er skoren, men denne teknikken er òg funnen på andre felt i Trøndelag og i Jamtland.
alt=Helleristningsfiguren minner vagt om eit dyr, med det som kan vere hovud, kropp og bein. Strekane stikk litt ut til alle kantar og blir først og fremst tolka som dyr på grunn av konteksten her, der dei nærliggande figurane er tydelegare utforma som hjortedyr.|miniatyr|Figur frå den nedre delen av feltet. Denne er vanskelegare å tolke og er ikkje like nøyaktig utforma som dei to store figurane frå det øvste feltet.
Oversyn og tolkingar Professor i arkeologi Kalle Sognnes har peika på at landskapet ved haugen ikkje verkar som ein god fangstplass eller som utgangspunkt for faktisk jakt. Han har i staden antyda at staden kunne brukast som tilfluktsstad for sjamanen eller som arena for overgangsritar.Kalle Sognner. «Fortidens religioner». I: Trøndelags historie. Bind 1: Landskapet blir landsdel, fram til 1350. Redigert av Ida Bull. Tapir forlag, 2005. ISBN 978-82-519-2001-8. Side 173 Sognnes og andre har òg peika på at bergkunsten må ha vore synleg på lang avstand for den som kom i båt langs den dåverande strandlinja, og at bergkunsten kan ha vore ei synleg og tydeleg markering for tilreisande og forbipasserande.Sigmund Kinn Alsaker. «Steinalderen». I: Trøndelags historie. Bind 1: Landskapet blir landsdel, fram til 1350. Redigert av Ida Bull. Tapir forlag, 2005. ISBN 978-82-519-2001-8. Side 55 Slike markeringar kan ha vore ein måte å manifestere nærværet til ein stamme eller ei gruppe på. Nokre helleristningsforskarar antydar at dei avbilda dyra kan ha vore totemdyr for ein stamme eller ei gruppe.
Det rombeforma «bandet» eller mønsteret er ikkje sikkert forklart. Sognnes føreslår at «hallusinasjonane til sjamanar i transe kan vere opphavet til dei mange geometriske mønstera blant helleristingane.» Gjessing har på si side samanlikna dette med symbolske biletframstillingar i det som i hans samtid vart kalla «etnografisk, primitiv kunst», og meiner at dei geometriske mønstera kan vere stiliserte, symbolske framstillingar av dyr eller situasjonar.Gjessing 1936, side 147
Området i dag Helleristingane på Hell er tilrettelagde med skilting. Terrenget ved Steinmohaugen gjer at einaste tilkomst er gjennom bustadfeltet rett sør for haugen.
Feltet inngår i Trøndelag fylkeskommune sitt formidlingsprosjekt Bergkunstreisen.Helle Vangen Stuedal. «Bergkunstreisen i Trøndelag»; Spor; 2020, nr 2 Motiv frå bergkunsten her vart brukt på det første kjende kjentmannsmerket for Stjørdalsregionen i 2004.Kjentmannsmerket; Spennende kulturhistorisk skattejakt i Stjørdalsregionen; kjentmann.no Feltet har vore utsett for hærverk.Kalle Sognnes (2010). «Bilder på berget». I: Se Trøndelag! : kunst og visuell kultur i midten av Norge. BInd 1: Kunsten før kunsten. Tapir akademisk forlag. Side 73-108. ISBN 978-82-519-2617-1
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Helleristingsområdet på Hell» frå , den 4. september 2026.
Litteratur miniatyr|Dei geometriske figurane oppe til høgre er ikkje sikkert tolka.
Gustaf Hallström (1907). «Hällristningarna kring Trondhjemsfjorden». I: Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs skrifter 1907. (pdf) Gustaf Hallström (1907). «Hällristningar i norra Skandinavien» I: Ymer. (Ymer 1907; skannede boksider hos runeberg.org) Gustaf Hallström (1908). «Nordskandinaviska hällristningar. 2: De norska ristningarna». I: Fornvännen. (pdf) Gustaf Hallström (1909). «Nordskandinaviska hällristningar. 2: De norska ristningarna; del 2». I: Fornvännen. (pdf)
Gustaf Hallström (1938). Monumental art of northern Europe from the stone age. I. The Norwegian localities. Stockholm: Thule förlag
Bakgrunnsstoff
Hell Kategori:Kulturminne i Stjørdal