Don't Leave Me Now er ein song av det britiske bandet Pink Floyd laga av Roger Waters. Songen vart gjeven ut på albumet The Wall i 1979.
Komposisjon
Songen er delt inn i to hovuddelar. Den første delen er dempa og roleg, med ein ganske kynisk tekst. Den andre delen inneheld ei langvarig og kjenslemessig bøn, og er ikkje så dempa og roleg.
Tekst Som dei andre songane på The Wall fortel «Don’t Leave Me Now» historia om hovudrolla Pink. I denne songen prøver Pink å takle utruskapen til kona si, men feilar. Han legg skulda på ho for at han har det vondt.
Filmversjon Pink ligg i symjebassenget sitt og kuttet frå handa hans fyller det med blod. Han ser kona si ha eit forhold. Ein kan så sjå han i eit avlangt, firkanta hotellrom der skuggen til kona dukkar opp på veggen, men skuggen vert gradvis forvandla til ein gigantisk knelar som jagar Pink rundt i rommet.
Medverkande Roger Waters – EMS VCS 3 synthesizer, vokal David Gilmour – gitar, bassgitar, korvokal, pusting Richard Wright – basspedal, orgel, piano, Prophet-5 synthesizer Nick Mason – trommer
Personell per Fitch og Mahon.Fitch, Vernon and Mahon, Richard, Comfortably Numb — A History of The Wall 1978–1981, 2006, s. 87.
Kjelder Fitch, Vernon. The Pink Floyd Encyclopedia (3. utg.), 2005. ISBN 1-894959-24-8
Kategori:Songar frå 1979 Kategori:Pink Floyd-songar Kategori:Songar skrivne av Roger Waters Kategori:Songar produserte av Bob Ezrin Kategori:Songar produserte av David Gilmour Kategori:Songar produserte av Roger Waters Kategori:Songar om einsemd