«Children of the Grave» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Black Sabbath frå albumet Master of Reality frå 1971. Teksten fører vidare det same antikrigstemaet som «War Pigs» og «Electric Funeral» frå det førre albumet deira, Paranoid.
Songen har vore med på ei rekkje samlealbum og konsertalbum av Black Sabbath, og dessutan på utgjevingar med vokalisten Ozzy Osbourne frå solokarrieren hans.
Innhald «Children of the Grave» (redigert utgåve) – 3:47 «Solitude» – 3:45
Ettermæle «Children of the Grave» vert allment rekna som ein av dei beste songane til Black Sabbath. I 2020 plasserte Kerrang songen på sjetteplass på lista si over dei 20 beste Black Sabbath-songane, og i 2021 sette Louder Sound han på femteplass på lista si over dei 40 beste Black Sabbath-songane. Songen vart brukt i filmen Beavis and Butt-Head Do the Universe frå 2022. Han kan òg spelast i videospelet Guitar Hero: Warriors of Rock frå 2010.
Versjonar av andre artistar Versjonen til White Zombie
Bandet White Zombie spelte inn «Children of the Grave» med ein noko endra tekst til Black Sabbath-hyllestalbumet Nativity in Black. Versjonen vart seinare gjeven ut som promosingel i 1994. Han kom ikkje inn på salslistene, men fekk noko radiospeling på amerikanske stasjonar for active rock.
Sporliste
Medverkande White Zombie Rob Zombie – vokal Jay Yuenger – gitar Sean Yseult – bass Phil Buerstatte – trommer
Produksjon Bryan Carlstrom – produksjon White Zombie – produksjon Bob Chiappardi – ansvarleg produsent Terry Date – miksing
Versjonen til Lamb of God Det amerikanske groove metal-bandet Lamb of God spelte songen under avskilskonserten Back to the Beginning for Black Sabbath 5. juli 2025. Dagen etter gav bandet ut versjonen som ein frittståande singel.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Children of the Grave» frå , den 6. september 2026.
Kategori:Black Sabbath-songar Kategori:Songar frå 1971 Kategori:Antikrigssongar Kategori:Singlar frå 1994 Kategori:Songar skrivne av Ozzy Osbourne Kategori:Songar skrivne av Tony Iommi Kategori:Songar skrivne av Geezer Butler Kategori:Songar skrivne av Bill Ward Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:Vertigo Records-singlar Kategori:White Zombie-songar Kategori:Lamb of God-songar