Písek okres er eit distrikt (tsjekkisk okres, fleirtal okresy) i regionen Sør-Böhmen i Tsjekkia. Det ligg nord i regionen og grenser i nord mot Sentral-Böhmen.
Administrativ inndeling Distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, men dei har framleis ein funksjon for aktivitetane til ulike etatar og for statistiske føremål. Det administrative ansvaret til distrikta vart ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP).
Dei administrative områda til kommunar med utvida fullmakter i Písek okres:
Milevsko SO Písek SO
Folketal i distriktet Folketalet i distriktet i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Milevsko SO 19 275 18 342 17 554 Písek SO 51 025 51 501 52 432 Písek okres 70 300 69 843 69 986
Byar i distriktet Tabellen viser bykommunane i distriktet. Bykommunar med utvida fullmakter er utheva. By Folketal 2021 Písek 29 609 Milevsko 7 889 Protivín 4 663 Mirovice 1 570 Mirotice 1 203
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Pisek Pisek