Pando er eit av dei ni departementa som Bolivia er delt inn i. Hovudstaden og den mest folkerike byen er Cobija. Departementet ligg heilt nordvest i landet og grensar i nord og aust til Brasil, i sør til departementet La Paz, i søraust til Beni og i vest til Peru. Ifølgje den offisielle folketeljinga til Bolivias nasjonale statistiske institutt (INE) frå 2024 har departementet 134 194 innbyggjarar. Pando er dermed det minst folkerike departementet i Bolivia og har òg den lågaste folketettleiken, med 2,05 innbyggjarar per km².
Pando har for det meste flatt landskap og ei gjennomsnittleg høgd på 280 meter over havnivå. Klimaet er dominert av eit tropisk savanneklima med ein gjennomsnittstemperatur på rundt 26 °C. Årsnedbøren er på om lag 1800 mm. Store delar av departementet er dekte av Amazonasregnskogen og gjennomskorne av ei mengd elvar. Dei lågtliggjande områda er utsette for hyppige overflaumingar, som kan råke store delar av landområda i fleire månader kvart år.
Sambandet med resten av Bolivia går mellom anna gjennom Ruta Nacional 13, ein veg som som knyter Pando til departementet Beni.
Administrativt er Pando delt inn i fem provinsar. Provinsane er igjen delte inn i til saman 15 kommunar. Hovudstaden Cobija har om lag 65 000 innbyggjarar.
Vassdrag
Pando er ein region med mykje nedbør. Gjennomsnittleg årsnedbør er om lag 1865 mm, med registrerte verdiar frå 1298 mm i 1963 til 2423 mm i 1972. Regntida varer frå oktober til april, medan juli er månaden med minst nedbør i tørketida. Overflatevatn finst i store mengder gjennom heile året, men vasskvaliteten varierer.
Alle elvane i Pando høyrer til Amazonasbekkenet. Elva Beni er ei grenseelv mot Beni-departementet i søraust. Dei viktigaste elvane innanfor departementet har utlaup i elva Beni inludert elvane Madre de Dios, Tahuamanu og Manuripi. Beni held fram mot Brasil kor ho får namnet Madeira, ei av dei store sideelvane til Amazonaselva.
Fauna
Faunaen i Pando er svært artsrik. Blant pattedyra finn ein mellom anna tapir, jaguar, puma, halsbandpekari (Pecari tajacu) og andre navlesvin, fleire artar av hjortedyr, flodsvin, sørtremaurslukar og agutiar. Det finst òg fleire artar av aper og kattedyr.
Blant krypdyra finst mellom anna grøniguan (Iguana iguana), skilpadder og fleire artar av slangar. Grønanakondaen (Eunectes murinus), lokalt kalla sicuri, kan bli opptil 12 meter lang.
Elvane har ein rik fauna av fisk og andre vasslevande dyr, til dømes kaimanar og langhaleoter (Lontra longicaudis). I dei store elvane i det nordlege og nordaustlege Bolivia kan ein òg sjå boliviadelfinar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Departamento_de_Pando» frå , den 7. september 2026
Bakgrunnsstoff
Kategori:Departement i Bolivia