Basic linguistic theory (BLT) er ei nemning brukt av R.M.W. Dixon for å skildre det teoretiske og dei konsepta som er i bruk i grammatiske skildringar av språk og i språktypologi.
Kritikarar ser ikkje på BLT som ein teori, men som ei «teorinøytral» språkbeskriving. Dei som vil bruke nemninga «teori» om BLT understreker at det er eit sett av begrep og teoretiske forutsetningar som har blitt akkumulert frå empirisk undersøking av språk i verda.
Usemja kjem delvis av at forskarane forstår ordet «teori» ulikt. For kritikarane av BLT er «teori» både eit rammeverk for analyse og ei hypotese om kva fenomen vi i språka kan forvente oss. Forsvararane på si side vil halde desse to tinga frå kvarandre, slik at teorien BLT (i tydinga «rammeverk») er språket ein kan snakke om språk på, mens hypotesar om kva som skjer med språket og korfor det er som det er må haldast skilt frå teorien.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Basic linguistic theory» frå , den 8. september 2026.
Kategori:Grammatiske rammeverk